torsdag 30. september 2010

Tid for ALPAKKAmat

Når ivrige drengar finn ut at dei skal jobbe på Hakallegarden, så er det tryggast å ha eit auge med synst odelstausa. Ein veit aldri heilt kva som kan skje når tre små karar slår hauda ihop :-) Alpakka-Johanne synest iallefall det står av seg når ho får ei heilt boks med godsaker heilt for seg sjølv frå dreng Adrian. NAM,NAM!!!! Jammen er ho heldig!
Ops, der var visst fleire som ville smake på godsakene :-) Adrian, Marius og Thomas delar villig ut til alle som vil smake. Kaninfor det er det beste som finns!!!
Jammen bra at gardsfolket har slike flinke hjelpeskarar som tek i eit tak :-)

ALPAKKA-sesongen er snart i gang for fullt, og om ikkje lenge også nettbutikken vår. Då finn du alpakkaherligheiter på http://www.alpakka.no/. VELKOMEN INNOM!!



søndag 26. september 2010

GREPA kjeller

Mamma har vore på lødeloftet og leita fram si gamle GREPA-vogn :-) Til stor begeistring både for odelstausa og lisjetuppa. Jaja.....sistnemde var vel kanskje mest nyskjerring på "nye"-doningen. Og det gjekk i fullandes fart opp geila................................................................................ .................og ned geila.............................

...........og opp igjen..................................


.....heilt til lisje-tuppa har fått nok og ruslar heim til hønsehuset. Litt nyhende vil ho nok fortelle veninnene, for det er ikkje kvar dag ein ser slike GREPA kjeller i farta. Gråtass derimot, følger spent med vidare

fredag 24. september 2010

GØY PÅ LANDET

Gardshunden Kark studerer fulgebestanden på Hakallegarden, medan ein døsig fisketurist freistar fisklykka.......skal tru om det vert med hell :-)
Velkomen til gards skal du vere, både liten og stor





mandag 20. september 2010

VENN FOR LIVET

Etter ein hektisk sommar med lita tid framfor maskina og sistnevnte på ein av sine stadige langvarige reperasjonar, hadde eg tenkt ut innlegget "Ein sommar er over". Men ettersom natta strid fram, og blogger stadig aviser å laste opp dei fine sommarminna, lar eg odelstausa og nabovenen få illustrere Sølvi Helèn Hopland sin nydlege song "VENN FOR LIVET". Kos deg med teksta , og la det vere ein hyllest til allle våre gode vener :-)


Du er så god

og eg er så glad i deg

ingen kan ta plassen din i hjertet mitt

Du er så god

og eg er så glad i deg.

Du er ein venn for livet.



Eg har dagar då eg kjenner meg så fargelaus og grå

gløymer at eg egentlig har nok å spele på

Dagar då eg ikkje likar synet av meg sjølv

Kanskje er det då det er du som ringer på

Du seier det var meg du ville sjå!



Andre gongar er det du som synst at mandagen er blå

Då er det min tur til å få deg til å forstå

at ingen har dei fargane som strålar ifrå deg.

Eg vil at du skal sjå

eg trivast med å stå

her ved sida di, eg går`kje før eg må.



Vi har dansa, grått og slitt ilag

har delt så mange ord.

Latteren har runga over begges kjøkkenbord.

Vi rensar opp og tilgir dersom kvoten blir for full.

Eg synst det er så bra

at eg kan få ha

ein venn som deg - du gjer meg trygg og glad!



TAKK til alle dei gode venene mine som eg set så stor pris på, og til Sølvi som berikar oss med dei vakre songane sine.


Sølvi kan du lese meir om på http://www.ulvesundfyr.no/










lørdag 10. juli 2010

FIIIIIN frokost


Det slo meg plutseleg at eg hadde slikt eit nydeleg frokostfat idag :-) Elsker dette høne fatet frå RICE! Ute ropar levande høner og hanar, så det er mest som dei på frokostfatet mitt også kaklar litt.

No skal den nytast før gardsinnrykket kjem :-) Ha ei fin helg!

tirsdag 6. juli 2010

EIN BLOME I GUDS HAGE

Idag har eg gjort noko som eg ikkje kan huske siste eg gjorde - nemleg mala. I snart 2 år har eg med tungt hjerte sagt NEI BEKLAGER til alle som har spurt etter bilde, men då ei nybakt mormor ville ha "Ein blome i Guds hage" til vesleguten, så vart det vanlege neiet til eit JA. Rett nok hjalp det på at denne songen er ein av dei vakraste eg veit om, at eg hadde mala songen før, og at mormora var ein kollega av min betre halvdel.....så var det å leite etter malesakene som slettes ikkje var enkle å finne etter så lang tid.
Ein fargerik blome tek form i blomsterenga.....Det er ei veninne av meg som har laga denne fine songen, Sølvi Helen Hopland. Ho seier det så fint at ved å vere den du er og blomstre der du er, så har du din plass som berre du kan fylle.

"Du ska`kje flyttast eller fjernast, du er`kje kun til bry. Du ska`kje kvelast eller skjulast , men stå i blomst og vere DU"

Så er bildet ferdig, glaset er pussa, og det er innerama og klart til å overrekkast til ein liten prins. Måtte bildet verte til glede ,og orda feste seg i hjarta etterkvart som han veks opp. LYKKE TIL I LIVET DITT!