I seks måndar har dei to alpakkane Johanne og Sylvei stått i karantene hjå Alpakka Norge i Horningdal.Johanne, mørk og eksotisk, og Sylvei blond og ”nordisk”. Damene som er handplukka til oss av ein av Englands fremste alpakka-ekspertar, har hatt ei lang ferd frå Australia til Norge. Men fystkomande søndag, kom dei endeleg heim til Hakallestranda.
Alpakka, som har ei av verdas mest ekslusive fiber, er ei forhaldsvis ny næring i Norge. Vi er tilsaman rundt 20 gardar som driv med avl, på Hakallestranda er vi foreløpig dei einaste på Sunnmøre. Alpakka klør ikkje, nuppar ikkje, og har ei rekkje andre kvalitetar som skil den ut frå anna ull.
Litt skummelt var det å kome hit til den nye heimgarden sin, men idag tok dei endleg sjangsen på å springe ut på marka i det fine haustveret.