Ja det var det havprinsesse Marit Ariel insisterte på då det skulle vere karneval i barnehagen for litt sidan. Heldigvis greidde ho mor å pense kjella inn på enklare tankar, og sidan rosa er det heilt store for tida, sa ho seg heldigvis einig i å vere rosa gris. Karnevalsesongen er kanskje over for i år. Men sidan eg var så fornøgd med å kome på ei slik kjapp 10 minutts-kostyme, så kanskje det kan vere ein inspirasjon for andre til neste karnevalstid :-) Dessutan er det etter lang bloggpause godt med ein mjuk start for å kome igang. Så her presenterer eg grisefrøkna :-)
Ein pappbit klipt rund og i spiral samt to trekantar. Desse vart farga rosa med ein markør som var det eg hadde for hand. Øyrene bretta eg rundt ein stort hårstrekk, og stifta ihop. Halen vart festa i skjørtet med to rosa klemmer :-)
grisefrøken :-) Det rosa kan byttast ut ialle salgs fargar alt etter ønske, for ein gris treng slettes ikkje vere rosa. I fantasien kan den nemleg ver akkurat den fargen vi vil.
Og tida eg brukte, CA 10 MINUTT, og 0,- kr :-) God kostymelaging!
Hakallehelsing frå Grisefrøken Marit og mamma