og eg er så glad i deg
ingen kan ta plassen din i hjertet mitt
Du er så god
og eg er så glad i deg.
Du er ein venn for livet.
Eg har dagar då eg kjenner meg så fargelaus og grå
gløymer at eg egentlig har nok å spele på
Dagar då eg ikkje likar synet av meg sjølv
Kanskje er det då det er du som ringer på
Du seier det var meg du ville sjå!
Andre gongar er det du som synst at mandagen er blå
Då er det min tur til å få deg til å forstå
at ingen har dei fargane som strålar ifrå deg.
Eg vil at du skal sjå
eg trivast med å stå
her ved sida di, eg går`kje før eg må.
Vi har dansa, grått og slitt ilag
har delt så mange ord.
Latteren har runga over begges kjøkkenbord.
Vi rensar opp og tilgir dersom kvoten blir for full.
Eg synst det er så bra
at eg kan få ha
ein venn som deg - du gjer meg trygg og glad!
TAKK til alle dei gode venene mine som eg set så stor pris på, og til Sølvi som berikar oss med dei vakre songane sine.
Sølvi kan du lese meir om på http://www.ulvesundfyr.no/
Fantastisk! JA, den som har ein sann ven er rik! Og eg har mange... :) Bloggevener og vener i den verklege verd :) Takk for du deler av visdomen til Sølvi! :)
SvarSlettha ein fin tysdag
Så nydeleg!
SvarSlettHar sakna deg i bloggverda :-)
Måtte dokke ha ein fin haust i løda og på tunet ellers..
Veldig hektisk sommarsesong og datamaskin på rep altfor lenge, gir lite blogging. Men no håper eg å vere tilbake Sigrid :-)
SvarSlettsnubla inn i bloggen din og for ein hærlig blogg du har ;)
SvarSlettHar hatt så lyst på ein tur dit ut - og ein gang blir det vel tid .....
og eg har også lyst på ein liten alpakka eller to i fjøsen vår
Smil fra monika