søndag 30. mai 2010

SPETAKKEL

På Askøy bur der ei ufatteleg kreativ, driftig og flink kjelle - MISS HANDY (www.misshandy.blogspot.com) . Ilag med veninna si "Janne på lanne" , lagar dei festlege barneklede som heiter SPETAKKEL. Eg hadde vore på utkikk etter ein kjole som odelsjenta skal ha på seg når vi har gardsbesøk, og la umiddelbart inn ei bestilling :-) Vart veldig begeistra som du forstår. Etter få dagar kom resultatet.

Kjolen er heilt bedårande! No har arbeidsjenta testa den ut, og ho er like begeistra som mora. Og tenk, den har til og med lommer!!!! Det som er det tøffaste som finns for tida!!! og legg merke til dei flotte lommene - dei har påsydde broderi, sikkert frå ein gammal duk. Gardsforkle til "tenestetausene" er alt bestillt, så no skal vi verte bra fine når folket kjem til gards :-) Følg med på www.spetakkel.com alle saman :-)

torsdag 27. mai 2010

SMÅ FREISTINGAR........

......og her får du nokre ørsmå smakebitar :-).........fleire kjem etterkvart :-)









HA GODE VÅRDAGAR!!!!!!! Vi gler oss over lange lyse kveldar, stadige godbitar som kjem til lødebutikken og mange triveleg besøkande på garden vår :-)




mandag 24. mai 2010

"GUTALAMBET HE BALL"

I kveld har odelstausa på to år lært om øyremerking. Småkorrane skal straks ut på grønegraset som omsider er kome, og då er det greiast å ha merka på. Her til gards har holamba gule merker, og hannane blå. Så då må lisje-Marit lære forskjella slik at ho veit kva farge merke pappa treng.
Gutane heiter "veir", og dei har "ball". Jentene heiter "jembre", og dei har ikkje ball, men to små spenar.
Her viser ei lovande gardetaus fram gulemerka, medan blåmerka er klar i den andre handa til denne vesle krabaten.


Då er flaskelambet Tulla og dei andre ferdigmerka, og eselet Oliver pustar letta ut når han forstår at han slepp slik ein øyrepynt. Då kan gule og blå merker leggast vekk ilag med merketonga til neste vår, til det er komne nye småttisar med og utan ballar.




lørdag 15. mai 2010

Add som spice in your RICE

...heiter det i RICE sin song :-) du har kanskje høyrt den på heimesida deira. Eg elsker RICE! Dei er ufatteleg kreative, og så sprø at det bikkar til den "rette sida" :-) Eg har lenge sett på den knallgule oppvaskmaskina deira, og på messa på Lillestrøm fekk eg sjå den "in live". HEILT RÅ!!!! Då bestemte eg meg :-) Lisje-Marit, Olav og eg køyrde avgarde til "kvitevarebossplassen" på Fiskå, og henta med oss to urangerte eksemplar. Helge Jonny på Voksøy AS lurte på om vi ikkje ville ha fleire , men eg tur det held i denne omgang.
Eg vurderte lenge farge, for det skal no passe til gardsbutikken - det er viktig.....
....og det enda på knallande raudt. Fronten spanderte eg ikkje spray på, for den skal vere nede.


BERRE LEKKERT!!!!!! Ikkje sant vel :-) :-)