tirsdag 6. juli 2010

EIN BLOME I GUDS HAGE

Idag har eg gjort noko som eg ikkje kan huske siste eg gjorde - nemleg mala. I snart 2 år har eg med tungt hjerte sagt NEI BEKLAGER til alle som har spurt etter bilde, men då ei nybakt mormor ville ha "Ein blome i Guds hage" til vesleguten, så vart det vanlege neiet til eit JA. Rett nok hjalp det på at denne songen er ein av dei vakraste eg veit om, at eg hadde mala songen før, og at mormora var ein kollega av min betre halvdel.....så var det å leite etter malesakene som slettes ikkje var enkle å finne etter så lang tid.
Ein fargerik blome tek form i blomsterenga.....Det er ei veninne av meg som har laga denne fine songen, Sølvi Helen Hopland. Ho seier det så fint at ved å vere den du er og blomstre der du er, så har du din plass som berre du kan fylle.

"Du ska`kje flyttast eller fjernast, du er`kje kun til bry. Du ska`kje kvelast eller skjulast , men stå i blomst og vere DU"

Så er bildet ferdig, glaset er pussa, og det er innerama og klart til å overrekkast til ein liten prins. Måtte bildet verte til glede ,og orda feste seg i hjarta etterkvart som han veks opp. LYKKE TIL I LIVET DITT!




8 kommentarer:

  1. Nydeleg, både songen og biletet!

    SvarSlett
  2. Nydelig!
    Kan tenke meg dere har det travelt nå midt i juni. Beundrer alt dere driver med! :)
    Synd at moskusmammaene deres gav opp - her står de på som bare det. Skjæra tok de første ungene, men så la de seg på å ruge på nye. Andunger er nydelige! :)
    Vi gleder oss også til alpakkababy! Om en måned kommer den første! :)
    Hvor mange cria venter dere i år? :)

    Fortsatt GOD sommer! :)

    Klem, cecilie

    SvarSlett
  3. Fantastisk!
    ÅÅÅ! Så nydelegg!
    Du må jo lage slike postkort! Då kan du male litt..og trykke mange! :) Og ikkje minst: glede mange!!!!
    Eg er faktisk like dårleg på data...men blogger har jo laga nokre enkle "knappar" til å trykkje på!:) Og så leikar eg litt då veit du!
    Håpar å vitje dykk i sumar, men det er ein slik "tullesumar" utan styr på noko...
    (Begge i nye jobbar) Men kven veit kanhende me dukkar opp i hagen! Og vil sitje på stolen til Høybroten!
    Mal meir!
    Klem!

    SvarSlett
  4. -så flott et bilde :) Smart forslag med å lage de i kort format, som nevnt over da kan mange gledes av dine finfine streker og ord.

    ha en storveis aften :)

    hilsen arnhild

    SvarSlett
  5. Kor bra at du har pussa støvet av malesakene... JIPPI! Einig med at dette er ein av dei finaste songane! Og det er so flott tekst at eg dånar! Eg har eit bilete som du har måla. Det heng i stova, og har nett den teksta. Eg er soooo glad i det bildet! Gla i deg,og saknar deg gode Aina. Klem

    SvarSlett
  6. Nydelig sang, og kjempe flott bilde!! Du er flink! :)

    SvarSlett
  7. Takk og takk. Det vart vel med det eine bildet no trur eg, og kort det laga eg for nokre år sidan :-)

    SvarSlett
  8. Tusen, tusen takk for gode ord på bloggen min.... Er så kjekt å dele slike ord når ein får så flott tilbakemelding.

    Eg har prøvt å sniklese på noten du viser bilete av i dette innlegget. Den ser heilt fantastisk ut, så difor lurer eg på om den er å få tak i for folk flest. Eg syng i eit damekor som heiter LYST, og vi er alltid på jakt etter spennande notar - og særleg når dei er av lokalt opphav!

    Kos deg på garden din i dag! Her på garden ventar eg besøk av gode kollegaer i dag! Ungane skal bygge hytte, låven skal utforskast, damene skal skravle og vi skal kose oss med herleg mat!

    Klem, Tove

    SvarSlett