mandag 20. september 2010

VENN FOR LIVET

Etter ein hektisk sommar med lita tid framfor maskina og sistnevnte på ein av sine stadige langvarige reperasjonar, hadde eg tenkt ut innlegget "Ein sommar er over". Men ettersom natta strid fram, og blogger stadig aviser å laste opp dei fine sommarminna, lar eg odelstausa og nabovenen få illustrere Sølvi Helèn Hopland sin nydlege song "VENN FOR LIVET". Kos deg med teksta , og la det vere ein hyllest til allle våre gode vener :-)


Du er så god

og eg er så glad i deg

ingen kan ta plassen din i hjertet mitt

Du er så god

og eg er så glad i deg.

Du er ein venn for livet.



Eg har dagar då eg kjenner meg så fargelaus og grå

gløymer at eg egentlig har nok å spele på

Dagar då eg ikkje likar synet av meg sjølv

Kanskje er det då det er du som ringer på

Du seier det var meg du ville sjå!



Andre gongar er det du som synst at mandagen er blå

Då er det min tur til å få deg til å forstå

at ingen har dei fargane som strålar ifrå deg.

Eg vil at du skal sjå

eg trivast med å stå

her ved sida di, eg går`kje før eg må.



Vi har dansa, grått og slitt ilag

har delt så mange ord.

Latteren har runga over begges kjøkkenbord.

Vi rensar opp og tilgir dersom kvoten blir for full.

Eg synst det er så bra

at eg kan få ha

ein venn som deg - du gjer meg trygg og glad!



TAKK til alle dei gode venene mine som eg set så stor pris på, og til Sølvi som berikar oss med dei vakre songane sine.


Sølvi kan du lese meir om på http://www.ulvesundfyr.no/










4 kommentarer:

  1. Fantastisk! JA, den som har ein sann ven er rik! Og eg har mange... :) Bloggevener og vener i den verklege verd :) Takk for du deler av visdomen til Sølvi! :)

    ha ein fin tysdag

    SvarSlett
  2. Så nydeleg!

    Har sakna deg i bloggverda :-)
    Måtte dokke ha ein fin haust i løda og på tunet ellers..

    SvarSlett
  3. Veldig hektisk sommarsesong og datamaskin på rep altfor lenge, gir lite blogging. Men no håper eg å vere tilbake Sigrid :-)

    SvarSlett
  4. snubla inn i bloggen din og for ein hærlig blogg du har ;)

    Har hatt så lyst på ein tur dit ut - og ein gang blir det vel tid .....

    og eg har også lyst på ein liten alpakka eller to i fjøsen vår
    Smil fra monika

    SvarSlett