fredag 19. mars 2010

Vårfornemmingar

Hausten og vinteren har gått i ei forrykande fart, og snart er våren her. Skralt med blogging har det blitt, enda planane var store. Sidast siste skriverier på seinhausten, har vi opna Alpakka Apotek, det har vore julestri, gardakjerringa og prinsessa har vore aleinebestyrarar på garden, vi har bore vatn til tyste dyr ("nøven"tok vatnet som ho så sjarmerande seier :-) ), Krukkehus-jobbing, og vi har flaksa fram og tilbake til Bergen for å hjelpe til på alpoteket. Så blogginga har nok vorte særdeles nedprioritert oppi alt ja :-) Men her kjem eit lite livsteikn ilag med våren som gløttar fram - litt smakebitar frå tunet vårt frå tidlegare vårglytt. Bli med rundt då :-)!!



To alpakkar er ute i tunet og nyt våren som er i kjømda :-)





Eit sikkert vårteikn er lambinga. Av og til går ikkje alt etter oppskrifta for smårollingane, og då er det godt å nokon som kan hjelpe til. Er er det Lambe-Knyt og Alfhild som får godsaker






Vakre påskeliljer pyntar opp i ein gammal vask på eldhusveggen



Eit reir er kome i blomsterkrukka


NYT VÅREN!!!! :-)


4 kommentarer:

  1. Vakkert!
    Våren har kommet mye lenger hos dere enn hos oss. Her er det fortsatt mye snø og is, men også fryktelig mye vann. Alpakkaene som var så rene er nå blitt skitne igjen ;-)

    SvarSlett
  2. Nydelege bilete, gode deg! Ja, forstår de har hatt mykje å henge fingrane i... Forstår ikkje heilt korleis de klarar det, men med gode hjelparar ser eg det går godt. Ha ein fin vår på Hakallegarden. Klem

    SvarSlett
  3. Klarar det ikkje heilt Anita, men det går på eit vis :-) Ein god vår til deg også. god klem

    SvarSlett