mandag 29. mars 2010

ALPAKKAPARRING OG ANNA SKØY

For fjerde året på rad har Hakallestranda Utvikling arrangert marknadsdag på palmelaurdag. Heile bygda er i sving, og vi samlar inn pengar til gatelys. Dei tre siste åra her det marknaden vore på garden Hakallegarden, alpakkane har underlheldt med parring :-) Superhingsten Tierce reiser rundt i Norges land og lagar småalpakkar, så no vert det spennade å sjå om han gjrede jobben sin skikkeleg også iår. Resultet frå fjordårsmarknaden kom for ca. 1 mnd, to flotte jenter.
Tunet var fullt av boder, med mage freistingar. Her er det nokre frå Krukkehuset som som stiller ut, Laila Solhaug, Marit M. Moldskred, Anne-Lise Bjørnerem og Cecilie Bjørnerem. Dei kan du sjå meir om på bloggane http://www.krukkehuset.blogspot.com/ og http://www.ceciliebb.blogspot.com/


Veret var flott, som det har vore alle åra, og det vart etter kvart folksamt. mellom 800-1000 stk var innom marknaden. Veldig kjekt for oss i bygda at så mange tek turen.


Jorun Nes frå Ulsteinvik lagar dei finaste huer, og ingen er like. Ho har utsalg i Krukkehuset, og du kan finne henne på facebooksida til Krukkehuset, og på bloggen.

Her er lekre sjal i Alpakka frå Anita Nes Ertesvåg frå Ulsteinvik. Ho held til på ein flott gard like utanfor sentrum, og du kan sjå meir om henne på bloggen http://www.hageboe.blogspot.com/





Her er litt frå standen til dei kreative damene Jorunn, Anita og Barbro.




Damene har rigga seg til ved eldhuset, med Haugsholmen og Stadhavet som bekgrunn. Det ser ut tit at stemninga var god i fineveret. Barbro held også til i Krukkehuset, og du finn album også på henne på Krukkehuset si facebook.side.




Ansiktsmaling og sukkerspinn, to populære ting å finne på marknadsdagen :-)






Grauten gjekk unna, og både den og pølsepanna var heilt tom. I løda var det deilig kaker og fersk kaffi å få.



Monica Nystøyl Lillebø frå Hakallestranda, lagar dei nydlegaste barneklede som ho kallar "Linèa Design" etter yngstjenta på 2 år. Underteikna hadde lyst på alt til si prinsesse :-)




Gråtass var sjølvsagt ute med hengaren sin, og køyrde trufast opp geila med begeistra ungar.
Han syntest deet var godt å kome seg i farta igjen etter å ha vore innesnødd i heile vinter.



Andrè Kragset var staseleg Gråtass-sjåfør denne dagen. Var han ikkje flott??




Klovn var her også. Han laga figurballongar og trylla til dei minste, og var eit populært innslag på marknadsdagen.




Det var ikkje berre alpakkane som var våryre denne palmelaurdagen. Heilt frå Volda hadde grisefrøken Ramona fått kjærestebesøk. Ho hadde vore ute på facebooksida til Hakallegarden og i avisene og søkt etter kjæreste, og jammen fekk ho ikkje napp. Pelle skal bo i grisegarden nokre veker, så får vi håpe på resultat utpå sommaren. Litt godt å ha med matfar inn til storegrisane på Hakallegarden for å sjå til at alt går bra. Pelle hadde si fulle hyre med å snuse rundt, og jammen vart han ikkje teke inn i varmen blant gutta når natta kom. Vi får håpe at han flyttar inn til frøken Ramona etter kvart :-)



På vegne av alle Hakallestrandingar, så takkar eg for fantastisk oppmøte og hjelp til å få enda nokre nye gatelys i bygda vår. Velkomen tilbake neste palmelaurdag!!!!













5 kommentarer:

  1. Dette så virkelig utrolig koselig ut!! Og så var det jo utrolig mye fint å kjøpe, og heldige med været var dere også:)
    Ha ei flott påske, og tusen takk for hyggelig kommentar hos meg,
    klem:)

    SvarSlett
  2. Åååååhhh... for eit flott innlegg, Aina! Du er sooo flink med dette, og tusen takk for reklama:) Det var ein fantastisk dag, men lite salg... Pytt pytt! Me hadde det kjekt lell. Varm klem frå meg

    SvarSlett
  3. Vilken härlig marknad ni hade på gården och vad fint ni verkar bo! Grattis till nya alpackafölen och hoppas att parningen blev lyckad så det blir fler nästa år. Kram Stina

    SvarSlett
  4. For en utrolig nydelig gard dere har! Og så flinke til å stelle i stand ting!

    Min store drøm må være å ha besøksgard med en så flott gardsbutikk som du! :) Men der er lang vei å gå. Vi overtok for ett år siden, og det er mye å ta tak i. Bygnignene er overfylt med dyr, og tunet er fullt av skrot. ;)

    Men når jeg ser en så flott gard som din, blir jeg enda mer inspirert til å få det fint hos meg selv. ;)

    Og ja - alpakka er det deiligste som finnes! Gratulrer så mye med to fine jentecria! Vi venter våre i august/september. Det blir spennende! :)

    God påske fra en gardekjerring til en annen!

    Klem, cecilie

    SvarSlett
  5. "Eit steg om gongen, ein time i slengen" har ein veninne av meg skreve i ein song. Plutselig har du besøksgard og gardsbutikk Cecilie :-) Det ser utulig fint ut med deg på bilda dine iallefall :-)

    klem frå Hakalle

    SvarSlett