torsdag 17. mai 2012

17.MAI ER VI SÅ GLAD I


HELDIGE lisje-Marit, har fått låne ein gammal Hardagerbunad av ein god nabo - som oldemora har laga
  Vi kunne velge og vrake i mange perlebroderte bringdukar, belter, huer og liv. Alt godt brukt av mange små prinsesser - Den som hadde visst alt det flotte den har vore med på.
 Gode venner kosar seg på 17.mai feiring - Håper alle har hatt ein flott dag 

onsdag 16. mai 2012

FINASTE KRANSEN

Desse to lurehønene kom inn i butikken og skulle kjøpe dyr her for litt sidan.....dei var veeeeldig lure, og ville ikkje seie ein knyst om kva dei heldt på med. Etter ei stund kom dei inn og ga meg denne flotte kransen :-)



Full av gardsdyr, heng den no på lødebrua og ønsker besøkande velkomen inn til Hakalle Berte. 
Heldige meg

torsdag 26. april 2012

HEKLEDRONNINGA








Ja det er akkurat det ho er mor mi, ei hekledronning
Ein kløppar med heklekroken. Her er det ikkje snakk om oppskrifter, ho berre tryllar fram dei lekraste kreasjonar både til liten og stor.
For litt sidan, i eit selskap som vart halde her på garden, dukka denne nydlege prinsessa opp - i mamma sin kreasjon.
Den er hekla i alpakka (har ein først prøvd det, vert ein hekta), og med nydlege detaljar. Dei fine ordkanppane er frå Snella & Petronella, og dei sel vi her i gardsbutikken vår saman med m.a alpakkagarn. Alpakka er eit perfekt material til ungar, og eg bruker å seie at det ikkje burde vere lov å lage noke i anna ull, for plagget held seg så mykje finare. I tillegg har det kvalitetar som vanelg ull ikkje kan måle seg med. Så du som likar å hekle, la deg inspirere, og hekl iveg!! Og alpakka, ja det kan brukast året rundt!!
Fleire av mor Marit sine flotte produkt finn du på
Krukkehuset si FBside


tirsdag 20. mars 2012

BAKE KAKE SØTE


For nokre dagar sidan fylte sjølvtittelerte Havprinsesse Marit Ariel Snøkvit Tornerose, som også er ei ivrig hestejente, heile 4 år. Prinsessa bestilte kake med mamma, og eg prøvde meg på eit forslag med å lage ei prinsessekrune. Det er skralt med bakekunnskapar, så det skulle eg alltids greie tenkte eg. Men forslaget fall ikkje heilt i god jord med prinsessa. Det skulle vere ei HESTEKAKE. Okei.......og korleis i all verda skal eg få til det lurte eg på......heilt til eg fekk ein geinal idè :-)

Eg kjøpte ein ferdigpakke med skuffekake, eller du bruker ei god skuffekakeoppskrift som du har. Sidan det fulgte med glasur, laga eg den og smurte på det feltet eg trudde eg kom til å bruke. Ripa så inn ei stilistisk hesteform, og skar ut.

 

Hesten skulle sjølvsagt vere rosa, så marsipantrekket la eg over hesten og skar rundt. Om ein ikkje får det heilt perfekt, så gjer det ingenting. Då er det berre å fjuske litt til som eg gjorde med m.a. mulen som vist her. Man og hale fann prinsessea sjølv i butikken, og den fungerte supert :-) Ellers er det berre å pynte med det ein har.
Det vart litt stusselig med sølvfolie bak, så eg tok restane av marsipanen og laga bakgrunn. For å utnytte alt og gjere det enkelt, la eg berre bitane som eit "puslespel". Brukte så baksida av ein pensel, ein gaffel og ein kniv og laga mønster for å lage lappverket litt festligare.


Og prinsessa ho vart veeeeeldig fornøgd :-)

tirsdag 6. mars 2012

mandag 5. mars 2012

SMÅ KUNSTVERK

Kort laga av Laila K. Solhaug

Eg er så glad i ord og bilder. Var ikkje dette kortet fint!!? Det heng på veggen vår og spreier glede :-) TAKK til Laila som lagar desse vakre små kunsverk




fredag 2. mars 2012

DU ER SÅ FIN

Eg kika meg litt rundt der eg sto bak disken i butikken.........det var visst berre eg og den vesle kunden som akkurat hadde fortalt at ho fylte 5 år igår. Ho såg på meg, så eg spurte forsiktig "var det meg du sa det til??" "JA" svara ho. "Du er så fin, med bomster" !

Om den velse jenta berre hadde vist kor eg hadde kava den morgonen for å  finne noke eg ville trives i. At eg er så inderleg på leit etter den gamle fargerike Aina som har vore gøymt ein stund.  
"DU ER SÅ FIN" - orda varma så langt inn i hjarterota som eit ord berre kan kome.

TAKK vesle engel - dei fire orda lever eg lenge på




torsdag 1. mars 2012

DRAUMEN OM EI ROSA CAMPINGVOGN

Vi har fått oss campingvogn. Det har vi hatt lyst på lenge. Ei god gammaldags utrangert ei. Og for litt sidan kom der ein telefon. Dagmar hadde vore på ferde og knerta eit hol i veggen - HURRA kunne vi seie!! Gjett om odelstausa er kry! Så i går ettermiddag, etter barnehagen, hadde vi avtala at vi skulle på piknik i vogna og inspisere. Du kan tru det var spennade både for liten og stor.........for vi har nemleg nokre planar..........ganske så smågalne planar......... 


 Sjølvsagt måtte vi kose oss mellom inspiseringa, og naboguten Eirik ville vere med.
Og planane har vi, iallefall ein draum. Vogna skal bli ROSA med GULE prikkar som koppane på bildet. Og inni skal det kome glade fargar og fine tapetar i ein eller annan farge. Lekre koppar og kar, god seng, og sengetøy frå PIP. Den er ikkje køyrbar, så den skal få seg ein fin plass, og gle seg til nokon vil på HAPPY CAMPING på Hakallegarden :-)

Velkomen til gards!!















tirsdag 28. februar 2012

EG VIL VERE BLÅSKJELL

Ja det var det havprinsesse Marit Ariel insisterte på då det skulle vere karneval i barnehagen for litt sidan. Heldigvis greidde ho mor å pense kjella inn på enklare tankar, og sidan rosa er det heilt store for tida, sa ho seg heldigvis einig i å vere rosa gris. Karnevalsesongen er kanskje over for i år. Men sidan eg var så fornøgd med å kome på ei slik kjapp 10 minutts-kostyme, så kanskje det kan vere ein inspirasjon for andre til neste karnevalstid :-) Dessutan er det etter lang bloggpause godt med ein mjuk start for å kome igang. Så her presenterer eg grisefrøkna :-)


 Ein pappbit klipt rund og i spiral samt to trekantar. Desse vart farga rosa med ein markør som var det eg hadde for hand. Øyrene bretta eg rundt ein stort hårstrekk, og stifta ihop. Halen vart festa i skjørtet med to rosa klemmer :-)


Ei rosa trøye,strømpebukse og skjørt som alt låg i kleskuffa frå før,litt rosa ansikstmaling (men slettes ikkje nødvendig - litt leppestift på nasa held lenge)  og VIPS, vi hadde ei veldig fornøgd
grisefrøken :-) Det rosa kan byttast ut ialle salgs fargar alt etter ønske, for ein gris treng slettes ikkje vere rosa. I fantasien kan den nemleg ver akkurat den fargen vi vil.
Og tida eg brukte, CA 10 MINUTT, og 0,- kr :-) God kostymelaging!


Hakallehelsing frå Grisefrøken Marit og mamma