fredag 15. oktober 2010

"VÅJA"-inspirasjon

"Væpna" med spruteflaske, inntok odelstausa og gardakjerringa Fosnavågen her om dagen. Vi hadde to mål på utflukta vår - to av perlene uti "Våjen", nemleg Blomster&Gaver, og Bella Blå.
Blomster & Gaver var fyste stoppestad. Den herlegaste butikk du kan tenke deg, dreven av systrene Hilde og Stine Goksøyr. Her finn du m.a redesignkjolar, fargerike AVOCA, nydlege interiørsaker, flotte maleri og sjølvsagt alt du kan tenke deg i blomster. Alt sett saman med ein slik kreativitet, at du vellar over av påfyll når du går ut døra.
Ingen problem for oss tausene å finen eitkvart her, og det skulle verte ein overraskelsespakke til mormor som alltid stiller opp med ei hjelpandes hand når det trengst. Innhaldet var sjølvsagt lilla til ei lilla mormor, og det vart jammen innpakkinga også. Hilde og lisje-Marit legg siste handa på "verket". Ingeting overlete til tilfeldigheitene her nei. Var det ikkje lekkert vel???
Gjett om vi gleda oss til å overekke denne!!!

Du sjå meir frå denne nydlege butikken på facebook - BLOMSTER & GAVER
Og er du i nærleiken, ja då må du berre ta turen innom til desse nydlege damene!!!!


GOD HELG FRÅ

odelstausa og gardakjerringa




torsdag 14. oktober 2010

FULL AV INSPIRASJON.......

.....sette odelstausa igang med å male, etter at ho og mamma for på utflukt uti "Våjen", eller Fosnavågen som det heiter for dei som ikkje er lokalkjende.
Akvarellarka vart fyllt av deilige fargar, og sjølvsagt måtte Våjahesten få sjå verket frå alle vinklar........først i fugleperspektiv........
...................og så frå sida.............................og så vidt eg oppfatta, var både den tobeinte og firbeinte godt nøgde med verka :-)



Fargefull helsing frå

Gardakjerringa


torsdag 7. oktober 2010

TUSEN TAKK

Blenkjande gjenbrukshjarter dansar i vinden og helsar TUSEN TAKK for dei fine helsingane på smugkikk-innlegget mitt. Hesjastreng, Colaboksar og knappar frå gjenbruksbutikken kan verte ganske fint ikkje sant vel??

Gardakjerringklem :-)

tirsdag 5. oktober 2010

SMUGKIKK

Velkomen inn i løda vår....ikkje heilt som alle andre løder, men det vil vi sjølvsagt heller ikkje at den skal vere :-) For 1,5 år sidan bestemte vi oss for å innreie den, og velkomen til ein liten smugkikk :-) Golvglasa er det luraste vi har gjort................................tittei alpakkane der nede!!
Blåbærlyng i eit gammalt norgesglas pyntar det gamle trø-orgelet. Idag vart det lysturkis :-)
Løda vår bugnar av herlege RICE......og vi kan ikkje få nok av desse festlege sakene. Til og med trauste eldre damer let seg rive med i RICE si fargeglade melaminverd. Og vi forstår det godt :-)
Føretrekk du dei mjukare sakene, finn du herlege alpakkaklede og nydlege kreasjonar frå danske CREAM også her. Nyt ei roleg stund på gamle stolar og benkar, ein godbit frå kafèen og ei flott utsikt mot Stadhavet. Vakre maleri prydar veggane, og kunstbøker står og ventar på den som ønsker ei inspirerande stille stund.
Velkomen innom oss ein gong det skulle passe slik då!!!
Klem frå GARDAKJERRINGA





søndag 3. oktober 2010

ALPAKKA-fødsel

Vi har aldri vore så heldige at vi har fått med oss ein alpakka fødsel. I sommar kom ein liten cria, kl. halv tolv ein søndags føremiddag, midt i innspurten til gardsopen Hakallegard. Heldig var nederlendaren som fekk med seg heile greia.......det kom visst ein unge kom han og sa til oss. Tru han vart litt overraska over kva han hadde vore vitne til :-) Alle var sjølvsagt veldig nyskjerrige, og tobeinte og firbeinte kom raskt til for å inspisere den nye verdsborgaren. Mamma Synnøve passar sjølvsagt godt på :-)

Det er alltid spennande å sjå kva kjønnet er, og jau, vi har vore heldig nok ein gong i år, det er ei lite kjelle. HURRA!!!!! Alle våre alpakka er oppkalla etter dei som har budd på garden i tidlegare tider, så då var det å skynde seg inn for å sjekke sogeboka.......................................

Velkomen til Hakallegarden vesle vakre RASMINE


lørdag 2. oktober 2010

ALPACA SOCIETY-besøk

I sommar fekk vi besøk av Vibeke som står bak merket Alpaca Society. For deg som ikkje kjenner det, så lagar ho dei nydlegaste alpakkaklede du kan tenke deg. Eg gledde meg veldig til dette besøket sidan eg er ein stor beundrar av arbeidet hennar, og vi sel dei flotte produkta i butikkane våre. Og ein torsdag i sommar så svinga altså ho og familia henna inn på tunet vårt :-)Etter pølsegrilling i lavvoen, var turen komen til å sjå seg om på garden vår. Sjølv om det var alpakkane som var det mest spennade å møte her på garden, så var ikkje kattungane å forakte heller :-) Det var fyste gong Vibeke hadde nærkontakt med ein alpakka, og ho fekk m.a helse på vesle nyfødde Rasmine, og kjenne på "levande" baby alpakka :-) Her er det alpakkamamma Synnøve som får godsaker frå handa til Vibeke.
Vidare var det flytting av alpakka som sto på programmet. Dette arbeidet hadde eg spart slik at Vibeke skulle få vere med på det. I øsande rengver var vi ute og flytta m.a. sjarmøren Jon, som på bildet under var litt meir medgjerleg enn han har vore denne sommaren. Stakaren er fryktleg hormonell vorten, men snart kjem doktorane og hjelper til heldigvis :-)
Odelsjenta har vore god reklame for Alpaca Society her på Søre Sunnmøre i dette nydlege antrekket. Meir bedårande plagg skal ein leite lenge etter, og betre kvalitet enn alpakka finn du heller ikkje. Flotte kjolar, jakker og genserar til damer, og no også eigen herrekkolleksjon. Denne fine jakka er frå kolleksjonen "DRØMMEKRAFT" , og bildet er frå visninga under moteveka i august (bildet er lånt frå Alpaca Society si facebookside).
Og er du så heldig å ha eit plagg frå Alpaca Society, og tek deg tid til å lese på lappen som heng ved, finn du desse vakre orda:
"Jeg tror på det skapende menneske og en egenart hos
vert individ som gjør at hver og en av oss kan stå frem med vårt særpreg.
Ikke ufeilbarlig men oppriktig og verdig ut i fra vår skaperevne.
Jeg tror vår egenart gjør verden bedre,
når hver en av oss finner vår rettmessige plass og yter vårt beste.
Alpaca Society er mitt bidrag"
Vibeke Stølen

Du kan lese meir om Alpaca Society på www.alpacasociety.com
LYKKE TIL VIDARE VIBEKE, og takk for hyggeleg besøk :-)