mandag 29. mars 2010

ALPAKKAPARRING OG ANNA SKØY

For fjerde året på rad har Hakallestranda Utvikling arrangert marknadsdag på palmelaurdag. Heile bygda er i sving, og vi samlar inn pengar til gatelys. Dei tre siste åra her det marknaden vore på garden Hakallegarden, alpakkane har underlheldt med parring :-) Superhingsten Tierce reiser rundt i Norges land og lagar småalpakkar, så no vert det spennade å sjå om han gjrede jobben sin skikkeleg også iår. Resultet frå fjordårsmarknaden kom for ca. 1 mnd, to flotte jenter.
Tunet var fullt av boder, med mage freistingar. Her er det nokre frå Krukkehuset som som stiller ut, Laila Solhaug, Marit M. Moldskred, Anne-Lise Bjørnerem og Cecilie Bjørnerem. Dei kan du sjå meir om på bloggane http://www.krukkehuset.blogspot.com/ og http://www.ceciliebb.blogspot.com/


Veret var flott, som det har vore alle åra, og det vart etter kvart folksamt. mellom 800-1000 stk var innom marknaden. Veldig kjekt for oss i bygda at så mange tek turen.


Jorun Nes frå Ulsteinvik lagar dei finaste huer, og ingen er like. Ho har utsalg i Krukkehuset, og du kan finne henne på facebooksida til Krukkehuset, og på bloggen.

Her er lekre sjal i Alpakka frå Anita Nes Ertesvåg frå Ulsteinvik. Ho held til på ein flott gard like utanfor sentrum, og du kan sjå meir om henne på bloggen http://www.hageboe.blogspot.com/





Her er litt frå standen til dei kreative damene Jorunn, Anita og Barbro.




Damene har rigga seg til ved eldhuset, med Haugsholmen og Stadhavet som bekgrunn. Det ser ut tit at stemninga var god i fineveret. Barbro held også til i Krukkehuset, og du finn album også på henne på Krukkehuset si facebook.side.




Ansiktsmaling og sukkerspinn, to populære ting å finne på marknadsdagen :-)






Grauten gjekk unna, og både den og pølsepanna var heilt tom. I løda var det deilig kaker og fersk kaffi å få.



Monica Nystøyl Lillebø frå Hakallestranda, lagar dei nydlegaste barneklede som ho kallar "Linèa Design" etter yngstjenta på 2 år. Underteikna hadde lyst på alt til si prinsesse :-)




Gråtass var sjølvsagt ute med hengaren sin, og køyrde trufast opp geila med begeistra ungar.
Han syntest deet var godt å kome seg i farta igjen etter å ha vore innesnødd i heile vinter.



Andrè Kragset var staseleg Gråtass-sjåfør denne dagen. Var han ikkje flott??




Klovn var her også. Han laga figurballongar og trylla til dei minste, og var eit populært innslag på marknadsdagen.




Det var ikkje berre alpakkane som var våryre denne palmelaurdagen. Heilt frå Volda hadde grisefrøken Ramona fått kjærestebesøk. Ho hadde vore ute på facebooksida til Hakallegarden og i avisene og søkt etter kjæreste, og jammen fekk ho ikkje napp. Pelle skal bo i grisegarden nokre veker, så får vi håpe på resultat utpå sommaren. Litt godt å ha med matfar inn til storegrisane på Hakallegarden for å sjå til at alt går bra. Pelle hadde si fulle hyre med å snuse rundt, og jammen vart han ikkje teke inn i varmen blant gutta når natta kom. Vi får håpe at han flyttar inn til frøken Ramona etter kvart :-)



På vegne av alle Hakallestrandingar, så takkar eg for fantastisk oppmøte og hjelp til å få enda nokre nye gatelys i bygda vår. Velkomen tilbake neste palmelaurdag!!!!













søndag 21. mars 2010

Åh for ein strålande dag.....!


Bli med oss rundt på Hakallegarden ein strålande mars-søndag. Håper du vil kose deg ilag med oss :-)


Gråtass hadde også sin vårdebut idag. Han har stått innsnødd i garasja, og no fryda han seg over å få ta med ungane ut på tur med hengaren sin. TUT-TUT!!!!!





Herleg med ei lødedør på vidt gap! Det var godt for gardakjerringa som sto i kafèen og få kjenne den friske vårlufta blande seg med lukta av nystekte vaffelkaker.


Inne i lødebutikken og kafèen var det stor aktivitet, og vaffelpressa gjekk i eitt.







Små-alpakkane kosa seg også nede i fjøsen, sjølv om vårsola ikkje nådde heilt inn til dei. Luftegarden hadde hestane for dagen, og småprinsessene og mammane måtte vere inn på stas for dei besøkande idag.






Dette vitnar om vår og godever :-) Det er så kjekt på gode dagar då ein kan å få flytte ut butikken. Då vert tunet enda trivlegare.



Knut gardsdreng pakkar ut dei lekraste bøtter frå RICE. No skal vasken gå unna i ei fei :-)





To karar fann tonen, og smile om kappp med vårsola. Andre inspiserer dei gruslagde stiane langs dyregardane.




BLAFREboksar kosar seg ute i sola og ynskjer dei besøknade inn i gardsbutikken.





Den fargerike vesle minipapegøya er også ute og nyt godeveret, medan to trivelege paraplystangender ynskjer velkomen inn til gardsbutikken.



Fritjof kosar seg i luftegarden, og helsar på alle som kjem forbi.
Medan Puse-Ard ligg på vakt på taket til hønene, og jaktar på papegøya som er ute i garden og flyg.



Sjølv om det fine vårveret freista dei fleste ut, så var lavvoen full av folk som kosa seg og grilla pølser. Velkomen til gards ein annan dag også :-) Fortsatt fine vårdagar til deg og dine!





fredag 19. mars 2010

Vårfornemmingar

Hausten og vinteren har gått i ei forrykande fart, og snart er våren her. Skralt med blogging har det blitt, enda planane var store. Sidast siste skriverier på seinhausten, har vi opna Alpakka Apotek, det har vore julestri, gardakjerringa og prinsessa har vore aleinebestyrarar på garden, vi har bore vatn til tyste dyr ("nøven"tok vatnet som ho så sjarmerande seier :-) ), Krukkehus-jobbing, og vi har flaksa fram og tilbake til Bergen for å hjelpe til på alpoteket. Så blogginga har nok vorte særdeles nedprioritert oppi alt ja :-) Men her kjem eit lite livsteikn ilag med våren som gløttar fram - litt smakebitar frå tunet vårt frå tidlegare vårglytt. Bli med rundt då :-)!!



To alpakkar er ute i tunet og nyt våren som er i kjømda :-)





Eit sikkert vårteikn er lambinga. Av og til går ikkje alt etter oppskrifta for smårollingane, og då er det godt å nokon som kan hjelpe til. Er er det Lambe-Knyt og Alfhild som får godsaker






Vakre påskeliljer pyntar opp i ein gammal vask på eldhusveggen



Eit reir er kome i blomsterkrukka


NYT VÅREN!!!! :-)