tirsdag 20. oktober 2009

DEN FYSTE SVARTE ALPAKKAEN TIL SUNNMØRE




I seks måndar har dei to alpakkane Johanne og Sylvei stått i karantene hjå Alpakka Norge i Horningdal.Johanne, mørk og eksotisk, og Sylvei blond og ”nordisk”. Damene som er handplukka til oss av ein av Englands fremste alpakka-ekspertar, har hatt ei lang ferd frå Australia til Norge. Men fystkomande søndag, kom dei endeleg heim til Hakallestranda.




Alpakka, som har ei av verdas mest ekslusive fiber, er ei forhaldsvis ny næring i Norge. Vi er tilsaman rundt 20 gardar som driv med avl, på Hakallestranda er vi foreløpig dei einaste på Sunnmøre. Alpakka klør ikkje, nuppar ikkje, og har ei rekkje andre kvalitetar som skil den ut frå anna ull.




Litt skummelt var det å kome hit til den nye heimgarden sin, men idag tok dei endleg sjangsen på å springe ut på marka i det fine haustveret.

tirsdag 6. oktober 2009

PÅ FOTOUTFLUKT MED ALPAKKAKLEDE







Her om dagen dressa eg opp nokre av mine kjæraste i alpakkaklede, og reiste på stranda for å ta bilder. Her ser du Knut, Alma, Marit, Kristin og Georg i klede frå Alpaca Society, Alpaca Experience og Marithøna. Var dei ikkje fine? Bilda skal vi bruke til reklame, og at vi fann nokre solstrålar mellom alt regnet som har vore i det siste, ja det er heilt utruleg.
Dette er klede som vi sel på Sandvikgarden (www.hakallestranda.no), i Krukkehuset (www.krukkehuset.no), på Alpakka Apotek som vi snart opnar i Drotningsvik Senter ved Bergen (www.alpakka.no). Om ikkje lenge får vi nettbutikk også, så det vert spennande :-) Fleire flotte bilder kjem etterkvart.