lørdag 7. november 2009

ALPAKKAprinsessa
















Vår vesle alpakkaprinsesse er like alpakkafrelst som pappa og mamma. Å få gå i fjøsen å mate "pakka" og dei andre det dyra, er berre sååå kjekt!!!


Her om dagen fekk vi nye flotte alpakkaklede til gardsbutikken vår. Dei var frå William & Waldemar. Dama bak navnet hoppa av karusellen og fulgte draumen sin. Resultatet er tøffe bruksklede i alpakka for små prinsar og prinsesser. Sjå den fine kjolen som prinsessa har på. Var den ikkje fin?! Kåpa har mommo laga, og den er også i alpakka......og hua og buksa :-) Det kjem frå Vibeke i Alpaca Society, og finns også i gardsbutikken vår.


Det som fasinerer meg mest med alpakka for øyeblikket, er at lisjemor kan ha på alpakkaklede i mykje lenger enn andre klede, utan at dei vert skitne. Og flekkar, ja det set seg omtrent ikkje!! Mamma er hekta, og det er prinsessa også. Må berre vite det at ho informerer gjerne dei rundt seg om at ho har "pakka" på :-) Og det seier mor ingeting på, for fleire burde absolutt prøve dette nydlege fiberet. BEDRE FINNS IKKJE!!!



tirsdag 20. oktober 2009

DEN FYSTE SVARTE ALPAKKAEN TIL SUNNMØRE




I seks måndar har dei to alpakkane Johanne og Sylvei stått i karantene hjå Alpakka Norge i Horningdal.Johanne, mørk og eksotisk, og Sylvei blond og ”nordisk”. Damene som er handplukka til oss av ein av Englands fremste alpakka-ekspertar, har hatt ei lang ferd frå Australia til Norge. Men fystkomande søndag, kom dei endeleg heim til Hakallestranda.




Alpakka, som har ei av verdas mest ekslusive fiber, er ei forhaldsvis ny næring i Norge. Vi er tilsaman rundt 20 gardar som driv med avl, på Hakallestranda er vi foreløpig dei einaste på Sunnmøre. Alpakka klør ikkje, nuppar ikkje, og har ei rekkje andre kvalitetar som skil den ut frå anna ull.




Litt skummelt var det å kome hit til den nye heimgarden sin, men idag tok dei endleg sjangsen på å springe ut på marka i det fine haustveret.

tirsdag 6. oktober 2009

PÅ FOTOUTFLUKT MED ALPAKKAKLEDE







Her om dagen dressa eg opp nokre av mine kjæraste i alpakkaklede, og reiste på stranda for å ta bilder. Her ser du Knut, Alma, Marit, Kristin og Georg i klede frå Alpaca Society, Alpaca Experience og Marithøna. Var dei ikkje fine? Bilda skal vi bruke til reklame, og at vi fann nokre solstrålar mellom alt regnet som har vore i det siste, ja det er heilt utruleg.
Dette er klede som vi sel på Sandvikgarden (www.hakallestranda.no), i Krukkehuset (www.krukkehuset.no), på Alpakka Apotek som vi snart opnar i Drotningsvik Senter ved Bergen (www.alpakka.no). Om ikkje lenge får vi nettbutikk også, så det vert spennande :-) Fleire flotte bilder kjem etterkvart.

onsdag 30. september 2009

ALPAKKAKLÆR MEST MILJØVENNLIG



Her ser du Marit og Mari Ann i alpakkaklede frå Marithøna, Alpaca Society og Alpaca Experience, som alle er merker som vi forhandler både i Krukkehuset og på Sandvikgarden.
Vi som har prøvd alpakka er sjølvsagt hekta, og som alpakkaoppdrettarar og kleselger , er denne artikkelen som eg fann på http://www.gronnhverdag.no/ god lesning :-) Sjå berre her:




Hamp, alpakka og kashmir er blant det mest miljøvennlige du kan kle deg i, mens konvensjonell bomull, nylon og akryl er blant verstingene. Dette kommer fram i en ny rapport om miljø og arbeidsforhold i tekstilproduksjon.
Rapporten fra ForUm for utvikling og miljø konkluderer med at tekstilproduksjon fortsatt preges av uakseptable arbeidsforhold og overdrevet bruk av miljøgifter. Hamp, alpakka og kashmir får oppimot toppscore, mens saueull og lin følger hakk i hel blant de minst miljøbelastene tekstilene.Det er spesielt den store kjemikaliebruken under dyrkingen som gjør at bomull kommer dårlig ut. 25 prosent av alle sprøytemidler mot insektangrep og ca. 11 prosent av alle sprøytemidler mot plantesykdommer globalt brukes på bomull, selv om produksjonen bare dekker ca. 5 prosent av verdens åkerareal. Kjemikaliene som brukes på bomull er klassifisert blant de mest giftige sprøytemidlene som finnes og medfører alvorlige helseskader på mennesker og dyr, skriver Maiken Pollestad Sele i rapporten.Samtidig konkluderer rapporten med at det beste rådet for et bærekraftig forbruk fremdeles er å kjøpe færre klær.

lørdag 26. september 2009

VERDAS BESTE.........




Visste du at alpakkaen har ei av verdas mest ekslusive fiber? Ikkje klør den, ikkje nuppar den, mange med giktplager opplever god effekt, og det same gjer dei som ikkje tåler ull. Det varmar alltid hjartet ekstra når ein kan hjelpe ei fortvila mor som har barn som ikkje kan bruke vanleg saueull.

Kvart år har vi alpakkadag på Hakallestranda. Då kjem gjengen frå Alpakka Norge (http://www.alpakkanorge.no/) og klipper dyra våre. Dei er dei fremste i Norge på alpakka, og var dei som starta med seriøs import og avl på dette fantastiske dyret. Her ser du blider frå klippinga på alpakkadagen i sommar.

mandag 21. september 2009

ALPAKKAVEST


Mor Marit, eller MARITHØNA som merket henna heiter, tryllar fram dei vakraste alpakkakreasjonar. Her ser du ein detalj av ein vest ho har laga. Desse sel ho på KRUKKEHUSET i Ulsteinvik, og etter kvart her bloggen eller i Krukkehuset sin blogg (www.krukkehuset.blogspot.com)

torsdag 17. september 2009

Nydlege barneklede



Vibeke Andrup Stølen frå ALPACA SOCIETY, lagar dei nydlegaste barneklede ein kan tenke seg. Her ser du Marit i eit antrekk frå henne. Kvaliteten er heilt fantastisk!!
Du kan få kjøpt kleda m.a i Krukkehuset i Ulsteinvik, Sandvikgarden på Hakallesstranda og Alpakka Apotek i Drotningsvik Senter ved Bergen. Prøver du dei, vert du hekta :-)

mandag 7. september 2009


Tenk idag lagar eg mitt aller fyste alpakkainnlegg på bloggen vår. Det vert no mest som ein test, for sida er langt fra ferdige. Kavar med å finne ut av korleis eg skal lage visningsbildet øvest på sida i passeleg størrelse. Men eg finn vel ut av det langs med :-) Her vil vi skrive om store og små alpakkanyhende, og vise lekre alpakkakreasjonar. Kanskje du også vert hekta?