lørdag 2. oktober 2010

ALPACA SOCIETY-besøk

I sommar fekk vi besøk av Vibeke som står bak merket Alpaca Society. For deg som ikkje kjenner det, så lagar ho dei nydlegaste alpakkaklede du kan tenke deg. Eg gledde meg veldig til dette besøket sidan eg er ein stor beundrar av arbeidet hennar, og vi sel dei flotte produkta i butikkane våre. Og ein torsdag i sommar så svinga altså ho og familia henna inn på tunet vårt :-)Etter pølsegrilling i lavvoen, var turen komen til å sjå seg om på garden vår. Sjølv om det var alpakkane som var det mest spennade å møte her på garden, så var ikkje kattungane å forakte heller :-) Det var fyste gong Vibeke hadde nærkontakt med ein alpakka, og ho fekk m.a helse på vesle nyfødde Rasmine, og kjenne på "levande" baby alpakka :-) Her er det alpakkamamma Synnøve som får godsaker frå handa til Vibeke.
Vidare var det flytting av alpakka som sto på programmet. Dette arbeidet hadde eg spart slik at Vibeke skulle få vere med på det. I øsande rengver var vi ute og flytta m.a. sjarmøren Jon, som på bildet under var litt meir medgjerleg enn han har vore denne sommaren. Stakaren er fryktleg hormonell vorten, men snart kjem doktorane og hjelper til heldigvis :-)
Odelsjenta har vore god reklame for Alpaca Society her på Søre Sunnmøre i dette nydlege antrekket. Meir bedårande plagg skal ein leite lenge etter, og betre kvalitet enn alpakka finn du heller ikkje. Flotte kjolar, jakker og genserar til damer, og no også eigen herrekkolleksjon. Denne fine jakka er frå kolleksjonen "DRØMMEKRAFT" , og bildet er frå visninga under moteveka i august (bildet er lånt frå Alpaca Society si facebookside).
Og er du så heldig å ha eit plagg frå Alpaca Society, og tek deg tid til å lese på lappen som heng ved, finn du desse vakre orda:
"Jeg tror på det skapende menneske og en egenart hos
vert individ som gjør at hver og en av oss kan stå frem med vårt særpreg.
Ikke ufeilbarlig men oppriktig og verdig ut i fra vår skaperevne.
Jeg tror vår egenart gjør verden bedre,
når hver en av oss finner vår rettmessige plass og yter vårt beste.
Alpaca Society er mitt bidrag"
Vibeke Stølen

Du kan lese meir om Alpaca Society på www.alpacasociety.com
LYKKE TIL VIDARE VIBEKE, og takk for hyggeleg besøk :-)

4 kommentarer:

  1. Koseleg innlegg..
    trur eg må ha meg eit ALPAKKA plagg, ser både fint og varmt ut!

    HA KJEKK SØNDAG PÅ HAKALLE :-)

    SvarSlett
  2. Ønsker meg eit Alpakka plagg til kald vinter.
    Koselig innlegg.
    Ha en fin søndag
    Klem

    SvarSlett
  3. Det skal vi nok kunne ordne damer :-)

    SvarSlett
  4. Så vakkert sagt :) Og nydelige klær!

    SvarSlett