mandag 26. april 2010

Lar alle MÅAR ligge litt.....

Eigentleg skulle eg ha rydda huset, vaska, hengt opp kle, sett på ei oppvaskmaskin, prisa klede, gjort kontorarbeid og allefall ha lagt meg i "kristeleg" tid. Men veit du, akkurat no kjenner eg behovet for å berre stoppe litt opp. Kvelden var litt "trist". Først mista vi ein alpakka, og så måtte far i huset reise til Bergen på arbeid - som han rett nok gjer kvar veke, men litt vemodig likavel.
Fann meg ein pose knaskegulrøter, tenkte på kor heldig eg faktisk er, og leita fram nokre bilder frå sist veke. Då gjekk lisje-Marit og mamma i fjøra ilag med nabogutane for¨å grille pølser og plukke skjell som vi skal bruke til pakkepynt på pappa sitt Alpakka Apotek i Bergen. Kos deg i vårsola ilag med oss :-)
Pølser er nauta godt synst Maritmora, like god rå som grilla. Thomas og Adrian vel å vente på at pølsene vert ferdiggrilla :-)


Her er Adrian i full gang med å samle pakkepynt til apoteket. Stranda vår er full av flotte skjell og andre skattar.
Tenk å vere så heldig å bo så nydeleg til, med ei flott fjøre og sandstrand like nedanfor huset, og panoramautsikt over Stadlandet og øyane rundt. Verdas snillaste mann har eg også, ei nydeleg prinsesse og ei fantastisk familie. Vi er friske alle saman, kjekke naboar, og bur ei bygd full av flotte mennesker. Ja vi har mange ting å vere takknemlege for og ei har sjølv om ein av og til kan bli både fortivila og lei.
Nyt våren alle saman, og husk å stopp opp og lukt på blomane langs vegen. Dei har begynt å sprette ut. Har du sett det?




8 kommentarer:

  1. "Tenk positive tankar og det positive gror" :))) Men veit du? Det er faktisk litt godt og få vere litt trist og lei av og til. Då tek ein seg nemlig litt tid til å verkeleg tenke over kor mykje ein har å vere glad for:) Og når tristheita går over blir ein nesten enda meir takknemlig og lykkelig over kor heldig ein er:)Stor varm klem:)

    SvarSlett
  2. ...uffa då! Det var leit.
    Skjønar de har travle dagar no for dåke, godt å glede seg over våren som er på veg!
    Det er jo igrunnen alltid noko å væra glad for berre ein leitar litt- det er bra!:)

    SvarSlett
  3. Så leit at dere mistet en alpakka. Huff.
    Men man har mye å være takknemlige for ja! Tross alt. For en fantastisk natur og beliggenhet dere har! Nydelig!

    Håper du får en god uke!

    Klem, cecilie

    SvarSlett
  4. Såååå nydelige bilder!! :) Og ord som er etter mitt hjarte... Å vere trist og lei er naturleg inni mellom, men så får ein prøve så godt ein kan å setje fokuset på det positive... Og leve! :) Og akkurat no er det faktisk vår og då MÅ ein berre kose seg med dei små blomane, og fuglekvitter....eller måkeskrik...:)
    Ha ei fin vårveke!

    SvarSlett
  5. Hei hei!
    Så fint innlegg, Aina. Så fint skrive.
    Mange triste stunder her og, greier ikkje å slutte å tenke på dei to fine gutane vi mista i bygda vår. Då er det godt å bli påminnna at vi har mykje å gle oss over også.
    Ha ein fin dag i vårsola.
    Helsing Sølvi

    SvarSlett
  6. Det er lov å la alle "måar" ligge av og til, ja. Trist å miste ein alpakka! Men du er flink til å finne positive ting i kvardagen:)
    Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  7. Ein god idé å la alle MÅAR ligge av og til..
    Ja, det er sårt når dyr døyr i frå ein, vert så knytta til dei.. Det er lov å sørge!

    SvarSlett
  8. Takk for fine helsingar :-) Ein vert etterkvart vant med å miste dyr når ein bur på ein gard - litt herda, sjølv det vert litt ekstra med ein alpakka. Ja det var forferdeleg med dei to gutane som omkom her Sølvi, og då vert "oijing" over dei små ting litt for dumt -sjølv om det er litt slik vi er skapte vi menneske. Viktig å sette ting i perspektiv, og godt å stoppe opp å sjå etter dei gode tingai liva våre. klem

    SvarSlett