Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg

tirsdag 26. april 2011

Rett i RICE-koppen

Eit påske-egg frå tante Ann-Lisbeth med "Rett-i-koppen" posar, ein rosa RICE-kopp og litt varmevatn, ja det gjer susen når fineveret må utnyttast maksimalt. Middag på trappa, og straks klar for ridetur i solnedgangen :-) HUSK Å NYT DEI FINE DAGANE DU OG!!

mandag 26. april 2010

Lar alle MÅAR ligge litt.....

Eigentleg skulle eg ha rydda huset, vaska, hengt opp kle, sett på ei oppvaskmaskin, prisa klede, gjort kontorarbeid og allefall ha lagt meg i "kristeleg" tid. Men veit du, akkurat no kjenner eg behovet for å berre stoppe litt opp. Kvelden var litt "trist". Først mista vi ein alpakka, og så måtte far i huset reise til Bergen på arbeid - som han rett nok gjer kvar veke, men litt vemodig likavel.
Fann meg ein pose knaskegulrøter, tenkte på kor heldig eg faktisk er, og leita fram nokre bilder frå sist veke. Då gjekk lisje-Marit og mamma i fjøra ilag med nabogutane for¨å grille pølser og plukke skjell som vi skal bruke til pakkepynt på pappa sitt Alpakka Apotek i Bergen. Kos deg i vårsola ilag med oss :-)
Pølser er nauta godt synst Maritmora, like god rå som grilla. Thomas og Adrian vel å vente på at pølsene vert ferdiggrilla :-)


Her er Adrian i full gang med å samle pakkepynt til apoteket. Stranda vår er full av flotte skjell og andre skattar.
Tenk å vere så heldig å bo så nydeleg til, med ei flott fjøre og sandstrand like nedanfor huset, og panoramautsikt over Stadlandet og øyane rundt. Verdas snillaste mann har eg også, ei nydeleg prinsesse og ei fantastisk familie. Vi er friske alle saman, kjekke naboar, og bur ei bygd full av flotte mennesker. Ja vi har mange ting å vere takknemlege for og ei har sjølv om ein av og til kan bli både fortivila og lei.
Nyt våren alle saman, og husk å stopp opp og lukt på blomane langs vegen. Dei har begynt å sprette ut. Har du sett det?