torsdag 29. september 2011

Kva ende skal ein ta til i??????

Eg misunner deg Havprinsesse Marit Ariel, som greier å sette deg ned å kose deg å sjå på dyra frå Langedrag. Ja det var nok det ho mor tenkte då vi sendte gardsbesøkande heim i går.............................

Havprinsessa tok ei velfortjent pause, mens mora, sjølv etter eit så kjekt besøk, lot seg overmanne av alle gjeremåla som ventar.

Men ho mor ho får vel prøve å finne ein ende, ta tak i den, nøste opp, og kanskje vert det som pølsa til han Ivar Aasen

-Allting heve ein ende, men pylsa ho heve tvo-

KVEN VEIT??? Ikkje veit eg kva som hadde vore best heller......

3 kommentarer:

  1. Treng kvile i blandt også ;-)
    Men ein bør vel berre krumme nakken og begynne på ein av endane..etter ei stund :-)

    klem

    SvarSlett
  2. Herleg! Var nok hektisk å ha besøk ja ;) Tusen takk for vi fekk kome. Har gledd meg i lang tid ;) Ein fantastisk stad å ha møter!

    SvarSlett
  3. Såg ut som ho satt godt der ja :) Fantastisk fin gard dere har! Vi var så heldige å få besøke dokke i sommer ♥

    SvarSlett