Viser innlegg med etiketten Alpakka Berte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Alpakka Berte. Vis alle innlegg

fredag 30. september 2011

HAR DU GODE TIPS?????

......til gode, enkle, lure rettar vi kan servere i Berte-kafèen vår, og som kan fiksast raskt om det er 200 stk i  tunet sånn ca samtidig?? Vi kan både mangt og mykje, men på matfronten er det ta skraleslaget. Så gode idèar vert motteke med stor TAKK!!!


                        - Helsing sjefs-Berta -

torsdag 29. september 2011

Kva ende skal ein ta til i??????

Eg misunner deg Havprinsesse Marit Ariel, som greier å sette deg ned å kose deg å sjå på dyra frå Langedrag. Ja det var nok det ho mor tenkte då vi sendte gardsbesøkande heim i går.............................

Havprinsessa tok ei velfortjent pause, mens mora, sjølv etter eit så kjekt besøk, lot seg overmanne av alle gjeremåla som ventar.

Men ho mor ho får vel prøve å finne ein ende, ta tak i den, nøste opp, og kanskje vert det som pølsa til han Ivar Aasen

-Allting heve ein ende, men pylsa ho heve tvo-

KVEN VEIT??? Ikkje veit eg kva som hadde vore best heller......

søndag 10. april 2011

Herlege ALPAKKA BERTE


Små og store måtte stå på dag og natt (det slapp jobbe-Marit sjølvsagt :-)) då vi for ei tid sida opna Alpakka Berte på Drotningsvik Senter i Bergen. Galskap tenker nok enkelte, som om vi ikkje har nok å gjere :-), og JAUDA, det har vi. Men når kontrakter er låste, så måtte vi gjere det slik. Og takka vere mange kreative haud og hender, er det ingen tvil om at butikken er byens herligaste :-)

Desse to bilda har eg lånt frå boligmagasinet RETT HJEM, som var nokre av dei som kom innom på opninga. Og det var ei fantastisk opning :-)

Ein kan trygt seie at det mildt sagt var sprø tilstandar på Alpakka Berte på opninga :-)


Ein fornøgd og overvelda arbeidsgjeng kan puste letta ut etter nokre utrulege opningstimar, og
ynskjer velkomen innom byen`s herligaste butikk :-)