mandag 31. oktober 2011

GODT Å VERE I GONG

TUSEN TAKK for alle gode tilbakemeldingar :-) Eg har ikkje fått takka kvar og ein, for det har vore eitkvart tull og feilmeldingar når eg skulle legge inn svar med dokke. Men VI ER I GONG!!! :-) Og hurra for det!! Det må starte med enkle strek for gardakjerringa sidan det er så lenge sidan sist, så det gjekk i fuglar. Odelstausa derimot, synst det var på sin plass med ein SOL-båt i alt ruskeveret :-)

Det har blitt nokre malestunder sidan dette, og det er
 jammen godt å vere igong att :-)

Kveldshelsing frå lisje-Marit og Aina på Hakallegarden

søndag 2. oktober 2011

EG HAR BESTEMT MEG!!!!

Ja ikkje for alt som eg funderer på for tida, men for ein ting iallefall - Det er på tide å leite fram malesakene igjen, etter mange års dvale.

Først med små enkle, og så til stoooore innhaldsrike som dette.
Eg saknar det som ein gal, og gler meg som ein unge:-)

På Hakallegarden skin sola så vakkert. Håper den gjer det med deg og. No skal eg på ein liten sykkeltur i fineveret før besøkande kjem til gards. GOD SØNDAG!
- Aina-


lørdag 1. oktober 2011

I TENKEBOKSA.....

Den siste tida har eg tenkt så det knakar..........ja både eg og sejfsbonden.....STOPP OG TENK sa ein til meg på face.Og jammen hadde han ikkje nettside som heiter det same (http://www.stoppogtenk.no/). Så no har vi stoppa................... ilag med gode vener og hjelparar som tenker saman med oss.

Og etter litt tid i tenkeboksa, håper vi å ride nøgde inn i soloppgangen :-)

Husker du å STOPPE OG TENKE??