...lenge, lenge sidan eg har kunne ta meg tid til å blogge. Men no har gardakjerringa fått seg dreng, Alpakka Berte-butikken vår er i gang, og det har laga seg litt rom.
Drengen har dukka opp enda han ikkje trengde det. Heldige meg. Odelstausa og mamma kosar seg i sofaen på vår "mandags-søndag". Mamma sin skatt ser på "Drømmehagen", og mamma leitar fram bloggen etter å ha blitt så inspirert av Sølvi frå "Ein støvel og ein sko". Eg har vore så heldig å møtt henne fleire gongar siste vekene, både i Bergen på Alpakka Berte, og her på Hakallegarden. Så er eg i gang att........med ein mjuk start...... med to bestevener som har sakna kvarandre veldig

Jobbe-Marit er endeleg heime att med bestevenen sin, etter to veker i Bergen...
heia Lilja-vennen min!!! Ej he savna dej Lilja-vennen min......... ein mjuk varm mule mot kinnet, tenk så godt.......

....så strigle og stelle litt......og koseprate om alt som har hendt sidan sist. Er det noke nytt i fjøsen skal tru????

......så kose litt til.........
ej he savna dej slik Lilja-vennen min!!!! Må fortelle det igjen og igjen..........SÅ GODT Å VERE HEIME <3