Viser innlegg med etiketten Marithøna. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Marithøna. Vis alle innlegg

torsdag 26. april 2012

HEKLEDRONNINGA








Ja det er akkurat det ho er mor mi, ei hekledronning
Ein kløppar med heklekroken. Her er det ikkje snakk om oppskrifter, ho berre tryllar fram dei lekraste kreasjonar både til liten og stor.
For litt sidan, i eit selskap som vart halde her på garden, dukka denne nydlege prinsessa opp - i mamma sin kreasjon.
Den er hekla i alpakka (har ein først prøvd det, vert ein hekta), og med nydlege detaljar. Dei fine ordkanppane er frå Snella & Petronella, og dei sel vi her i gardsbutikken vår saman med m.a alpakkagarn. Alpakka er eit perfekt material til ungar, og eg bruker å seie at det ikkje burde vere lov å lage noke i anna ull, for plagget held seg så mykje finare. I tillegg har det kvalitetar som vanelg ull ikkje kan måle seg med. Så du som likar å hekle, la deg inspirere, og hekl iveg!! Og alpakka, ja det kan brukast året rundt!!
Fleire av mor Marit sine flotte produkt finn du på
Krukkehuset si FBside


mandag 12. april 2010

"ALPAKKAPIKEN PÅ BROEN"

Vår vesle alpakkaprinsesse er så heldig å ha ei av verdas flinkaste tryllekunstner til mormor, til mamma si store glede naturlegvis :-) Til 2-årsdagen i mars, fekk ho denne nydlege kåpa og hetta, sjølvsagt hekla i alpakka.


Tryllekunstnaren som har merkenavnet "MARITHØNA", lagar ingenting etter mønster, berre fri fantasi. I gardsbutikken vår seger vi både garn og knappar, og her har ho brukt ein av dei nydlege engleknappane frå Snella & Petronella. Garnet er Fearytale frå Du store Alpakka.

Har du lyst på noke av dei fine tinga til "MARITHØNA" så lagar ho gjerne på bestilling, eller du finne dei her:
Ved å legge inn kommentar på bloggen vår :-) eller facebook (Hakallegarden)
Krukkehuset (www.krukkehuset.blogspot.com, eller på facebook (Krukkehuset)
Alpakka er "verdas beste", og naturleg luksus som kan brukast året rundt. Har du fyst prøvd, vert du hekta :-)
Vårklem frå Aina