fredag 2. mars 2012

DU ER SÅ FIN

Eg kika meg litt rundt der eg sto bak disken i butikken.........det var visst berre eg og den vesle kunden som akkurat hadde fortalt at ho fylte 5 år igår. Ho såg på meg, så eg spurte forsiktig "var det meg du sa det til??" "JA" svara ho. "Du er så fin, med bomster" !

Om den velse jenta berre hadde vist kor eg hadde kava den morgonen for å  finne noke eg ville trives i. At eg er så inderleg på leit etter den gamle fargerike Aina som har vore gøymt ein stund.  
"DU ER SÅ FIN" - orda varma så langt inn i hjarterota som eit ord berre kan kome.

TAKK vesle engel - dei fire orda lever eg lenge på




7 kommentarer:

  1. Åhhh, så fint sagt... Du er heilt sikkert fin, både mdd og utan blomar! Og JA, eg strikkar i alpakka! ELSKAR alpakka!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg og - har ein heil stor flokkav det flotte dyret. Har rett nok ikkje strikka av deira ull enda, men ein dag :-) DEt vert artig å prøve

      Slett
  2. Kor kjekke ord frå ei lita jente.

    Har ikkje sett deg på ei stund Aina, men ser ikkje for meg at du er fargelaus ??
    Du og mor di er alltid så fine og friske i fargane.

    Har ikkje sett bloggen før, men no skal eg kike på den.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. kor artig!! Er du også på blogg altså!! Jau eg har vel vore ganske så fargelaus nokre år. Følte berre behov for å "forsvinne" litt. Men no sprenger fargane på :-) Og det føles godt

      Hakalle-klem

      Slett
  3. Så glad du bloggar igjen..
    Eit lite pust frå heimlege kantar :-)

    Fine ja, det trur eg ho på!!

    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. :-):-)Takk for det Sigrid. Du veit kor det er....

      klem

      Slett
  4. Å, kor kjekt! Ungane kan å få sagt det. Rett frå hjertet. Er det ei oransj jakke eg ser? Blei så inspirert av oransj i dag, men veit ikkje om eg kler den fargen... Vi får prøve.
    Ha ein fin dag, Aina!
    Klem :-)

    SvarSlett