torsdag 1. mars 2012

DRAUMEN OM EI ROSA CAMPINGVOGN

Vi har fått oss campingvogn. Det har vi hatt lyst på lenge. Ei god gammaldags utrangert ei. Og for litt sidan kom der ein telefon. Dagmar hadde vore på ferde og knerta eit hol i veggen - HURRA kunne vi seie!! Gjett om odelstausa er kry! Så i går ettermiddag, etter barnehagen, hadde vi avtala at vi skulle på piknik i vogna og inspisere. Du kan tru det var spennade både for liten og stor.........for vi har nemleg nokre planar..........ganske så smågalne planar......... 


 Sjølvsagt måtte vi kose oss mellom inspiseringa, og naboguten Eirik ville vere med.
Og planane har vi, iallefall ein draum. Vogna skal bli ROSA med GULE prikkar som koppane på bildet. Og inni skal det kome glade fargar og fine tapetar i ein eller annan farge. Lekre koppar og kar, god seng, og sengetøy frå PIP. Den er ikkje køyrbar, så den skal få seg ein fin plass, og gle seg til nokon vil på HAPPY CAMPING på Hakallegarden :-)

Velkomen til gards!!















6 kommentarer:

  1. Kor herleg Aina!! Eg ser for meg kor fint det kjem til å bli:) Du e berre so inspirerande og flink!! Stor klem til deg:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det gode dej!! Føler meg ikkje så altfor inspirerande for tida. Destinasjon Ålesund&Sunnmøre har publisert i eit skriv at vi har dei fetsligaste campingvogner, så då vart det litt kniven på strupa her. Berre å få tetta holet og sette igong. Så krysse fingrar og bein å håpe at vi vert ferdige :-)

      Slett
  2. Blir spennende å se resultatet! Antar det blir fargerikt. :) Vi håper det blir en tur til Hakallegarden i påska, snart et heilt år siden sist - så da er det på tide. :)

    SvarSlett
  3. Heia. Takk for kjekke kommentarar:)God du er. Ideen med campingvogna er no berre superherlig. Gleder meg til å sjå resultatet. Og du, så herlig å høyre at malegleda er tilbake. Det gjer godt å høyre for eit Linehjerte. Vi skulle hatt vårtreff med maling- det hadde vore noko! Goood helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det hadde vore kjempekjekt :-)Mange som tenner på campingidèen min :-) Håer berre eg vår det til :-) GOD HELG til deg og!! NYT GODEVERET.

      Slett
  4. Fantastisk!! Gler meg til å sjå!

    Klem

    SvarSlett