tirsdag 28. februar 2012

EG VIL VERE BLÅSKJELL

Ja det var det havprinsesse Marit Ariel insisterte på då det skulle vere karneval i barnehagen for litt sidan. Heldigvis greidde ho mor å pense kjella inn på enklare tankar, og sidan rosa er det heilt store for tida, sa ho seg heldigvis einig i å vere rosa gris. Karnevalsesongen er kanskje over for i år. Men sidan eg var så fornøgd med å kome på ei slik kjapp 10 minutts-kostyme, så kanskje det kan vere ein inspirasjon for andre til neste karnevalstid :-) Dessutan er det etter lang bloggpause godt med ein mjuk start for å kome igang. Så her presenterer eg grisefrøkna :-)


 Ein pappbit klipt rund og i spiral samt to trekantar. Desse vart farga rosa med ein markør som var det eg hadde for hand. Øyrene bretta eg rundt ein stort hårstrekk, og stifta ihop. Halen vart festa i skjørtet med to rosa klemmer :-)


Ei rosa trøye,strømpebukse og skjørt som alt låg i kleskuffa frå før,litt rosa ansikstmaling (men slettes ikkje nødvendig - litt leppestift på nasa held lenge)  og VIPS, vi hadde ei veldig fornøgd
grisefrøken :-) Det rosa kan byttast ut ialle salgs fargar alt etter ønske, for ein gris treng slettes ikkje vere rosa. I fantasien kan den nemleg ver akkurat den fargen vi vil.
Og tida eg brukte, CA 10 MINUTT, og 0,- kr :-) God kostymelaging!


Hakallehelsing frå Grisefrøken Marit og mamma

4 kommentarer:

  1. Heisan!
    Ja det var jammen genialt. Så enkelt kan det gjerast. Litt vanskelig å sjå for seg korleis eit blåskjell-kostyme kan sjå ut. Sikker på at Marit storkosa seg på karnevalet, i alle fall.
    Her hos oss vart eit gamalt laken, ei gamal blondegardin, og ein streng gjort om til eit 'Lord of the Rings'-kostyme, og ellers hadde vi litt forskjellig til dei to yngste som blei sjørøvar og cheerleader.
    Ha fine dagar på Hakallegarden :-)
    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Kor kjekt å høyre frå deg!! Eg har vore heilt ute av denne bloggeverda lenge no, og held på å samle ihop dei gamle bloggane mine som eg likte å lese. Dei forsvann nemleg då eg heldt på å legge om adresser og navn. Og der var du :-)!! Eg veit ikkje om du kan lese svaret her.Det er så mykje nytt no på det tekniske ser eg. Gi meg eit vink om du kan då!! Eg mld deg på face.

      klem

      Slett
  2. Ja det enkle er ofte det beste :) Eg lagde sjørøvar kostyme til vesle Tryggve nå i februar. Kostet knapt 10,- (for øyelappen)ellers gratis :) Han var vel fornøyd.
    Det var koselig å høre fra deg i bloggen min.
    Håpa alt står bra til.
    Deilig at det nesten er vår nå, skal planlegge ein tur til deg i vår/sommar :)
    Me snakkes
    Klem Anna lisa

    SvarSlett