tirsdag 20. mars 2012

BAKE KAKE SØTE


For nokre dagar sidan fylte sjølvtittelerte Havprinsesse Marit Ariel Snøkvit Tornerose, som også er ei ivrig hestejente, heile 4 år. Prinsessa bestilte kake med mamma, og eg prøvde meg på eit forslag med å lage ei prinsessekrune. Det er skralt med bakekunnskapar, så det skulle eg alltids greie tenkte eg. Men forslaget fall ikkje heilt i god jord med prinsessa. Det skulle vere ei HESTEKAKE. Okei.......og korleis i all verda skal eg få til det lurte eg på......heilt til eg fekk ein geinal idè :-)

Eg kjøpte ein ferdigpakke med skuffekake, eller du bruker ei god skuffekakeoppskrift som du har. Sidan det fulgte med glasur, laga eg den og smurte på det feltet eg trudde eg kom til å bruke. Ripa så inn ei stilistisk hesteform, og skar ut.

 

Hesten skulle sjølvsagt vere rosa, så marsipantrekket la eg over hesten og skar rundt. Om ein ikkje får det heilt perfekt, så gjer det ingenting. Då er det berre å fjuske litt til som eg gjorde med m.a. mulen som vist her. Man og hale fann prinsessea sjølv i butikken, og den fungerte supert :-) Ellers er det berre å pynte med det ein har.
Det vart litt stusselig med sølvfolie bak, så eg tok restane av marsipanen og laga bakgrunn. For å utnytte alt og gjere det enkelt, la eg berre bitane som eit "puslespel". Brukte så baksida av ein pensel, ein gaffel og ein kniv og laga mønster for å lage lappverket litt festligare.


Og prinsessa ho vart veeeeeldig fornøgd :-)

10 kommentarer:

  1. Fantastisk kake!! Du er flink!

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Då skal eg seie TAKK, for eg vart faktisk ganske stolt over å ha fått det til :-)

      Slett
  2. Eit meisterverk av ei kake !
    Hadde bursdagsbarnet råd til å skjere i den skal tru :))

    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Bursdagsbarnet vart litt satt ut då ho såg kaka :-), og hadde lyst på haudet. Det var vel mora det var tøffast for når vi skulle skjerer trur eg :-)

      Slett
  3. For ei kake! Og så lurt med marsipan oppå folien, for det vert som du seier litt stusselig ellers. Åååå, no fekk eg lyst på kake altså. Men det er ei stund til vi skal feire bursdag.
    Ha fine dagar, Aina, og kanskje sjåast vi i påska, dersom de held ope?
    Klem :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi held ope veit du :-)Håper vi sjåast, og grattis med fin ny veske :-) Den passa no perfekt til deg då!!

      klem

      Slett
  4. Kjempeherleg kake!
    Og Gratulere SÅ masse til Prinsessa!!

    SvarSlett
  5. Det var ei heldige bursdagsprinsesse med den fine rosa hestekaka!!
    Prinsessa vart nok kjempeglad c",)

    SvarSlett