fredag 30. september 2011

HAR DU GODE TIPS?????

......til gode, enkle, lure rettar vi kan servere i Berte-kafèen vår, og som kan fiksast raskt om det er 200 stk i  tunet sånn ca samtidig?? Vi kan både mangt og mykje, men på matfronten er det ta skraleslaget. Så gode idèar vert motteke med stor TAKK!!!


                        - Helsing sjefs-Berta -

torsdag 29. september 2011

Kva ende skal ein ta til i??????

Eg misunner deg Havprinsesse Marit Ariel, som greier å sette deg ned å kose deg å sjå på dyra frå Langedrag. Ja det var nok det ho mor tenkte då vi sendte gardsbesøkande heim i går.............................

Havprinsessa tok ei velfortjent pause, mens mora, sjølv etter eit så kjekt besøk, lot seg overmanne av alle gjeremåla som ventar.

Men ho mor ho får vel prøve å finne ein ende, ta tak i den, nøste opp, og kanskje vert det som pølsa til han Ivar Aasen

-Allting heve ein ende, men pylsa ho heve tvo-

KVEN VEIT??? Ikkje veit eg kva som hadde vore best heller......