tirsdag 26. april 2011

Rett i RICE-koppen

Eit påske-egg frå tante Ann-Lisbeth med "Rett-i-koppen" posar, ein rosa RICE-kopp og litt varmevatn, ja det gjer susen når fineveret må utnyttast maksimalt. Middag på trappa, og straks klar for ridetur i solnedgangen :-) HUSK Å NYT DEI FINE DAGANE DU OG!!

tirsdag 19. april 2011

Vi berre elskar RICE

Ein får besøk av 1 stk kreativ veninne som gjer fylgjande: opnar ein pakke innpakningspapir frå RICE, låner RICE-hårstrekk frå butikken til servietthaldar, dekker med melamin sjølvsagt frå RICE, ein pakke vårlege serviettar frå Klippan og vårblomster, og VIPS, det er klart for å ta imot Krukkehusdamer på utflukt :-)

EIN KAN IKKJE UNNGÅ Å BLI GLAD AV DETTE :-)

søndag 10. april 2011

Herlege ALPAKKA BERTE


Små og store måtte stå på dag og natt (det slapp jobbe-Marit sjølvsagt :-)) då vi for ei tid sida opna Alpakka Berte på Drotningsvik Senter i Bergen. Galskap tenker nok enkelte, som om vi ikkje har nok å gjere :-), og JAUDA, det har vi. Men når kontrakter er låste, så måtte vi gjere det slik. Og takka vere mange kreative haud og hender, er det ingen tvil om at butikken er byens herligaste :-)

Desse to bilda har eg lånt frå boligmagasinet RETT HJEM, som var nokre av dei som kom innom på opninga. Og det var ei fantastisk opning :-)

Ein kan trygt seie at det mildt sagt var sprø tilstandar på Alpakka Berte på opninga :-)


Ein fornøgd og overvelda arbeidsgjeng kan puste letta ut etter nokre utrulege opningstimar, og
ynskjer velkomen innom byen`s herligaste butikk :-)




tirsdag 5. april 2011

NÅ kommer barne-TV, NÅ kommer barne-TV....


.....hysj, hysj, hysj, vær stille som mus :-)

I dag har NRK Super vore på besøk og laga eit program til seria "Klart eg kan". Flinke tanteguten min Per har vore hovudperson, og vi gardsfolket føler oss så utruleg heldig som får vere med på noke slikt :-) Vi gler oss til dei kjem att for å lage del to av programmet. Då skal Per ha kunstutstilling, og alle er herved invitert :-) 

mandag 4. april 2011

Det kriblar i magen ....

....for i morga får vi vere med på noko veldig spennade. Vi har rydda, grusa, mala og planta,  og inst i fjøsen står eit lerret klart :-)
Gardakjerringa sit og har ei stille stund og ein matbit. Om nokre timar er det berre å ønsket besøket velkomne i  fjøsen. Ja det kriblar i magen, for det vert nok  den mest spennade dagen i Hakallegarden si karriere :-) Det spørs om eg får sove.......