tirsdag 29. mars 2011

MALEBLÅTUR

Eg er så heldig som har fått to fantastiske maleopplevengar på ei veke :-) Vi har feira vår gode veninne Ann-Lisbeth i mange dagar, og denne gongen reiste vi på blåtur til Kunsthuset i Rimstadalen på Bryggja.
Her held kunstnaren Gerd Endestad til, og ho hadde laga eit spennade og utfordrande opplegg til oss. Vi valgte oss eit ord - ein tilstand......sjå berre her....
....her er gjengen med det ferdige resultatet, og no skal du få tilstaden vi valgte å male

glad-glad, lykkerus, tilhørigheit (det heiter ikkje det på nynorsk, men det får bli slik no :-) ) , muntert-lykkelig 


Kan du gjette kven som mala kva????

torsdag 24. mars 2011

Mamma i LYKKErus

Mamma, det er Lilja mi, bestevennen min!!
Sjå mamma, der e ej også! Det e Ride-Marit og ej ride barbak
Mamma var på malebursdagsfest i går kveld, og fekk male for fyste gong på frykteleg lenge. Det var ei mamma i lykkerus som sjølvsagt hadde lyst å lage ei overasking til ride-Marita si :-)

tirsdag 22. mars 2011

DET ALLER LURASTE.......


.....vi har gjort er å sette glas i golva då vi innreia løda vår.....
.....søndag kunne sjølv vi som sto i kafèen følge med hovslagar Karin som skodde nede i fjøsen...
...og under lekre alpakkaklede i butikken, står dei levandes alpakkane :-)....
...og glasa dei er heilt trygge, både for liten og stor......

VELKOMEN TIL GARDS :-)

lørdag 19. mars 2011

Ein "HIMMEL" full av englar......


"Nips" det samlar seg i åras løp, antan vi likar det eller ikkje. Nokre er gode minner og presangar som vi ikkje har lyst å kvitte seg med. I vårt vesle hus måtte eg finne på noko lurt for å få plass til nokre av desse "gode" nipsa.....i ein himmel av kvitmala greiner, svevar blanke, turkise, blå og kvite hjerter, fiskar og englar........

......medan dei største englane av dei alle, badar under.

Ha ein god dag :-)

fredag 18. mars 2011

BLAFRE i vinden


Gamle knappar, tome colabokser og hesjastreng kan brukast til så mangt......saman kan dei verte søte blafrande hjerter som ynskjer velkomen til gards :-)

tirsdag 15. mars 2011

STASKARAR

Du kan tru han briskar seg for tida han ROLF!! Han syng, dansar og viser seg frå si flottaste side. Og vil ikkje kjæresten Randi sjå på førestillinga hans, ja så jålar han seg gjerne for både høner, ender og oss større på to føter. Han er så flott!!! Men trur du han ville vise seg for fotografen då?! Nei det ville han slettes ikkje. Men akkurat som denne staskaren som kom i ei av kassene frå RICE ser han ut, berre enda flottare. Ikkje rart vi vert bedåra :-)

mandag 14. mars 2011

Bursdag med RICE

I dag feira vi 3-års burdag ute på tunet ilag med alle Hakallevennane, mammene og RICE :-) Kva skulle vel mamma ha gjort utan RICE! Eg berre elskar desse fantastiske fargerike melaminsakene som kan brukast i alle samanehengar. På bursdagskaka hadde jubilanten sjølvsagt bestillt hestelys. At ho "likate kake" spelte inga rolla - hestelys måtte vi ha. Godt at to pallar RICE-påfyll kom til gards for nokre dagar sidan, med m.a nye lys.


Rice sitt kjekke klappbord vart flytta ut, melaminskåler og fat vart fylte med både grøne og "ugrøne" godsaker, og vi kosa oss i sola alle ihop. No har gardakjerringa eit stort RICE-ønske - spiseskjeier i melamin. Kanskje eg skulle spøre gjengen om det kunne vere noke?? I morga skal eg iallefall kose meg med å  pakke ut dei siste kassene frå dei, og så sender eg kanskje eit lite ønske sørover til nabolandet. Ha gode marsdagar :-)



mandag 7. mars 2011

Det så lenge sidan......

...lenge, lenge sidan eg har kunne ta meg tid til å blogge. Men no har gardakjerringa fått seg dreng, Alpakka Berte-butikken vår er i gang, og det har laga seg litt rom.
Drengen har dukka opp enda han ikkje trengde det. Heldige meg. Odelstausa og mamma kosar seg i sofaen på vår "mandags-søndag". Mamma sin skatt ser på "Drømmehagen", og mamma leitar fram bloggen etter å ha blitt så inspirert av Sølvi frå "Ein støvel og ein sko". Eg har vore så heldig å møtt henne fleire gongar siste vekene, både i Bergen på Alpakka Berte, og her på Hakallegarden. Så er eg i gang att........med ein mjuk start...... med to bestevener som har sakna kvarandre veldig Jobbe-Marit er endeleg heime att med bestevenen sin, etter to veker i Bergen...heia Lilja-vennen min!!! Ej he savna dej Lilja-vennen min......... ein mjuk varm mule mot kinnet, tenk så godt.......
....så strigle og stelle litt......og koseprate om alt som har hendt sidan sist. Er det noke nytt i fjøsen skal tru????
......så kose litt til......... ej he savna dej slik Lilja-vennen min!!!! Må fortelle det igjen og igjen..........SÅ GODT Å VERE HEIME <3