lørdag 10. juli 2010

FIIIIIN frokost


Det slo meg plutseleg at eg hadde slikt eit nydeleg frokostfat idag :-) Elsker dette høne fatet frå RICE! Ute ropar levande høner og hanar, så det er mest som dei på frokostfatet mitt også kaklar litt.

No skal den nytast før gardsinnrykket kjem :-) Ha ei fin helg!

tirsdag 6. juli 2010

EIN BLOME I GUDS HAGE

Idag har eg gjort noko som eg ikkje kan huske siste eg gjorde - nemleg mala. I snart 2 år har eg med tungt hjerte sagt NEI BEKLAGER til alle som har spurt etter bilde, men då ei nybakt mormor ville ha "Ein blome i Guds hage" til vesleguten, så vart det vanlege neiet til eit JA. Rett nok hjalp det på at denne songen er ein av dei vakraste eg veit om, at eg hadde mala songen før, og at mormora var ein kollega av min betre halvdel.....så var det å leite etter malesakene som slettes ikkje var enkle å finne etter så lang tid.
Ein fargerik blome tek form i blomsterenga.....Det er ei veninne av meg som har laga denne fine songen, Sølvi Helen Hopland. Ho seier det så fint at ved å vere den du er og blomstre der du er, så har du din plass som berre du kan fylle.

"Du ska`kje flyttast eller fjernast, du er`kje kun til bry. Du ska`kje kvelast eller skjulast , men stå i blomst og vere DU"

Så er bildet ferdig, glaset er pussa, og det er innerama og klart til å overrekkast til ein liten prins. Måtte bildet verte til glede ,og orda feste seg i hjarta etterkvart som han veks opp. LYKKE TIL I LIVET DITT!