torsdag 24. juni 2010

TRAVLE DAGAR

Den siste månaden har vore hektsik på Hakallegarden. Det er tida for avlutningar og slikt, og heldigvis for oss er det mange som eegg turen hit. Idag hadde vi det siste bestillte gardsbesøket utanom dei faste opningsdagane, og avslutta med storfint politikarbesøk. Dagfinn Høybråten med fylgje var innom til lunsj :-) Om han såg teksta på stolen er uvisst, men uansett eit godt ord å ta med på vegen vidare.
Ordføraren vår Jan Helgøy var også her. Han er gartnar, og sjølvsagt severte vi godsaker frå han. Deilige ferske agurkar gjer seg godt også i Hakallegarden sitt kjeldevatn.
På borda pynta vi med dei vakraste blomar som finns, nemleg markblomar. Yndlingsmuggen frå RICE fekk stå på koldtbordet, og ei gammal blekkboks fugerer fint som servietthaldar.
Her om dagen kom eg over dukane som eg alltid har sett på som aldeles skrekklege, nemleg blondedukar i plast. Kjøpte dei gjorde eg, og fann ut at dei ville verte festlege i lødekafèen vår. Så dei fekk pryde borda idag ilag med markblomane.



Når gjestane var gått kunne vi puste letta ut, og feire med skalkefest :-) Kortreiste godbitar som karbonader frå villsaudene våre, spekemat, gode salatar og anna godt sto på menyen. Då er det berre å gjere seg klar for sommarsesongen :-) VELKOMNE TIL GARDS!!!