onsdag 28. april 2010

"Sikkeli jobbedess"

"På utstyret skal storfolk kjennast", er det ikkje nokon i den dur det heiter i ordtaket? Her om dagen kom Cecilie (www.ceciliebb.blogspot.com) på gardsbesøk, og odeljenta fekk arve seg ein vassekte John Deer kjeledress!!! Gjett om det var stas! Og skikkeleg utstyr må til når ein skal gjere godt gardsarbeid.
Morfar kom med trehjulsykkel med slepekrok til 2 års dagen, og kopp med melk kan vere god å ha for ei gardsjente når det røynar på. Det gjeld å vere foreberdt, det lærte mamma i speidaren :-) "Vær beredt, alltid beredt"!!! (Ho kan ikkje skryte av at ho greier å vere det akkurat :-) )
Jobbehanskar og hestebørste høyrer sjølvsagt med til utstyret.......oj, det var det visst noke som skulle jobbast med ein anna stad på tunet........................mange oppdrag på ein gard veit du
Spylarslangen ja...den er både "poppis" og god å ha. Den vaskar vi traktoren med, spyler badekaret til fuglane (som er absolutt favoritt), og mange andre viktige ting.

Sant eg var fin i den "sikkelie jobbedessen" min? Ha gode vårdagar alle saman :-)




mandag 26. april 2010

Lar alle MÅAR ligge litt.....

Eigentleg skulle eg ha rydda huset, vaska, hengt opp kle, sett på ei oppvaskmaskin, prisa klede, gjort kontorarbeid og allefall ha lagt meg i "kristeleg" tid. Men veit du, akkurat no kjenner eg behovet for å berre stoppe litt opp. Kvelden var litt "trist". Først mista vi ein alpakka, og så måtte far i huset reise til Bergen på arbeid - som han rett nok gjer kvar veke, men litt vemodig likavel.
Fann meg ein pose knaskegulrøter, tenkte på kor heldig eg faktisk er, og leita fram nokre bilder frå sist veke. Då gjekk lisje-Marit og mamma i fjøra ilag med nabogutane for¨å grille pølser og plukke skjell som vi skal bruke til pakkepynt på pappa sitt Alpakka Apotek i Bergen. Kos deg i vårsola ilag med oss :-)
Pølser er nauta godt synst Maritmora, like god rå som grilla. Thomas og Adrian vel å vente på at pølsene vert ferdiggrilla :-)


Her er Adrian i full gang med å samle pakkepynt til apoteket. Stranda vår er full av flotte skjell og andre skattar.
Tenk å vere så heldig å bo så nydeleg til, med ei flott fjøre og sandstrand like nedanfor huset, og panoramautsikt over Stadlandet og øyane rundt. Verdas snillaste mann har eg også, ei nydeleg prinsesse og ei fantastisk familie. Vi er friske alle saman, kjekke naboar, og bur ei bygd full av flotte mennesker. Ja vi har mange ting å vere takknemlege for og ei har sjølv om ein av og til kan bli både fortivila og lei.
Nyt våren alle saman, og husk å stopp opp og lukt på blomane langs vegen. Dei har begynt å sprette ut. Har du sett det?




mandag 12. april 2010

"ALPAKKAPIKEN PÅ BROEN"

Vår vesle alpakkaprinsesse er så heldig å ha ei av verdas flinkaste tryllekunstner til mormor, til mamma si store glede naturlegvis :-) Til 2-årsdagen i mars, fekk ho denne nydlege kåpa og hetta, sjølvsagt hekla i alpakka.


Tryllekunstnaren som har merkenavnet "MARITHØNA", lagar ingenting etter mønster, berre fri fantasi. I gardsbutikken vår seger vi både garn og knappar, og her har ho brukt ein av dei nydlege engleknappane frå Snella & Petronella. Garnet er Fearytale frå Du store Alpakka.

Har du lyst på noke av dei fine tinga til "MARITHØNA" så lagar ho gjerne på bestilling, eller du finne dei her:
Ved å legge inn kommentar på bloggen vår :-) eller facebook (Hakallegarden)
Krukkehuset (www.krukkehuset.blogspot.com, eller på facebook (Krukkehuset)
Alpakka er "verdas beste", og naturleg luksus som kan brukast året rundt. Har du fyst prøvd, vert du hekta :-)
Vårklem frå Aina

mandag 5. april 2010

VÅRSØG

"No Skine sol, i høgste Sveålia, no e det vår, det kjinne e så vel.............................." tenk i går hadde vi den fyste virkelege vårdagen, og store og små kosa seg i den fine vårsola. Ikkje ein gong på Hakallestranda bles det. Iallefall ikkje før utpå ettermiddagen :-) Det hadde vore utulig med ein heil vindfri dag her vest ved Stad eigentleg :-)



I fjøsen jobba Olav og "store-traktoren" med å møkke ut. Vi har hatt hektiske påskedagar med hundrevis av gardsbesøk, så no måtte "vanleg" gardsbesøk takast. Slik er det på ein gard :-)


Etter lange forhandlingsrunder, fekk mamma lov å ta av dressen og støvlane, og på kom vårjakka og "jobbekona" :-) Hjelmen måtte få lov å vere på, og veska er alltid grei å ha med. Ikkje sant vel damer?

Alpakkane fekk også kome ut på "grønegraset" idag, no når marka har tørka litt opp, og gjett om det var kjekt!!!! Men nyefrøknene Alpakka-Johanne pg Alpakka-Sylvei vart litt forskrekka over det raude "lynet" som skulle springa "folla fatt og kille pakkane". Her var det berre å søke dekning :-)



Ditta var frykteleg gøy!!!! Måtte det bli mange slike dagar framover. Ynskjer alle gode vårdagar :-), både med og uten dress.




torsdag 1. april 2010

VAKKER VÅRDAG

Kven skulle tru at tunet vart fullt idag!??? Ikkje vi gardsfolket iallefall. Men det er kjekt å observere at folk følger med på facebook og nettsida vår. Gråtass var i full sving, og det same var fjordingen Lilja. Små og store såg ut til å kose seg, og det gjorde vi også.

Gardsbutikken var populær, og både alpakkaklær (www.alpacasociety.com www.dustorealpakka.com ) , lekre Cream-kreasjoner (www.cream.dk) og fargerike saker RICE (www.rice.dk) gjekk unna :-)
Det same gjorde varme vaffelkaker og andre godbitar i gardsbutikken.



Gjenbrukshjerter av colabokser og gamle knappar risla i vårvinden på Hakallegarden, og vi gler oss alt til påskeafta og fyste påskedag då vi opnar grinda for nye besøk. Tusen takk for triveleg besøk til alle som var her idag, velkomen innom på laurdag og søndag :-)