mandag 24. mai 2010

"GUTALAMBET HE BALL"

I kveld har odelstausa på to år lært om øyremerking. Småkorrane skal straks ut på grønegraset som omsider er kome, og då er det greiast å ha merka på. Her til gards har holamba gule merker, og hannane blå. Så då må lisje-Marit lære forskjella slik at ho veit kva farge merke pappa treng.
Gutane heiter "veir", og dei har "ball". Jentene heiter "jembre", og dei har ikkje ball, men to små spenar.
Her viser ei lovande gardetaus fram gulemerka, medan blåmerka er klar i den andre handa til denne vesle krabaten.


Då er flaskelambet Tulla og dei andre ferdigmerka, og eselet Oliver pustar letta ut når han forstår at han slepp slik ein øyrepynt. Då kan gule og blå merker leggast vekk ilag med merketonga til neste vår, til det er komne nye småttisar med og utan ballar.




4 kommentarer:

  1. Det er vel dette ein kallar livet...
    "Den må tidleg krøkjast som god krok skal bli.."
    Kos dokke :-)

    SvarSlett
  2. Åh, så skjønn ho er... Gjev meg heimlengsel, trur vi må gå oss ein tur for å sjå på 'korrane' i ettermiddag, ja.
    Klem, Sølvi

    SvarSlett
  3. Å, korrrr herrrleg! Eg lo godt når eg las den flotte formidlinga di, gode Aina. Kjekt å fylgje bloggen dokka... Klem

    SvarSlett
  4. Hei♥
    Tusen takk for koseleg helsing frå deg:)
    Ha det iorden er ikkje så vanskeleg,jentene er så store og flinke..Lisje bror er under opplæring;)
    Eg trivast best i god orden;)Hehe:)
    Kjempe koseleg bloggen din!
    Tippar odelstausa blir veldig dyktig♥
    Trur vi må ha oss ein tur til gården dokka i løpet av sommaren:)

    God onsdag♥
    Klem frå Astrid:)

    SvarSlett