lørdag 7. november 2009

ALPAKKAprinsessa
















Vår vesle alpakkaprinsesse er like alpakkafrelst som pappa og mamma. Å få gå i fjøsen å mate "pakka" og dei andre det dyra, er berre sååå kjekt!!!


Her om dagen fekk vi nye flotte alpakkaklede til gardsbutikken vår. Dei var frå William & Waldemar. Dama bak navnet hoppa av karusellen og fulgte draumen sin. Resultatet er tøffe bruksklede i alpakka for små prinsar og prinsesser. Sjå den fine kjolen som prinsessa har på. Var den ikkje fin?! Kåpa har mommo laga, og den er også i alpakka......og hua og buksa :-) Det kjem frå Vibeke i Alpaca Society, og finns også i gardsbutikken vår.


Det som fasinerer meg mest med alpakka for øyeblikket, er at lisjemor kan ha på alpakkaklede i mykje lenger enn andre klede, utan at dei vert skitne. Og flekkar, ja det set seg omtrent ikkje!! Mamma er hekta, og det er prinsessa også. Må berre vite det at ho informerer gjerne dei rundt seg om at ho har "pakka" på :-) Og det seier mor ingeting på, for fleire burde absolutt prøve dette nydlege fiberet. BEDRE FINNS IKKJE!!!